Firdapodden
Podcast de Ingvild Imerslund og Anders Fitje
Este podcast se puede escuchar gratuitamente en todos las plataformas y en la app de Podimo sin necesidad de suscripción.
Todos los episodios
43 episodiosFirdapodden har fått besøk av sjølvaste Åsta Haukås, professor i framandspråksdidaktikk ved UiB, og engasjert i prosjekt som Multiwrite, Ungspråk og Multilingualism on my mind. Saman med Nina Arnesen snakkar vi om språkveka på Firda, språklærarsamarbeid på tvers og kor viktig det er å dyrke elevar og lærarar sin fleirspråklege identitet. Så det!
Sidan boka hans Pandemi, panikk og politikk nyss er utkomen, er vi glade for å frette ut kollega Kristian Starheim om den. Dette vart ein beredskapspodd om gode og dårlege erfaringar etter pandemitida - og nokre tips til forbetringar i framtida. Kven takla eigentleg covid best - vi eller svenskane? Og - er nordmenn klimaskeptikarar?
Jorunn er plasstillitsvald for Utdanningsforbundet på Firda, og snakkar om sine erfaringar i embetet så langt. Firdapodden er dessutan nysgjerrige på TikTok, og andre ting. Og Anders blir som vanleg grilla om litteratur.
Eit nytt tilskot til dramaseksjonen på Firda er Jenny Lysholm Daviknes, som også er barnevernspedagog, flygande måke og paraglider. Ho er òg tidlegare firdaelev, og korleis det gjekk når ho kom attende og skulle være lærar her sjølv; ja, om dette og meir får du vite i den nyaste episoden av Firdapodden.
Ein viktig byggestein på Firda er elevtenesta vår, og i 2023 har vi fått Huben, som kan vere eit pusterom i kvardagen for somme elevar, men med ein fagleg profil. Firdapodden har snakka med to som har mykje av sin kvardag der, miljørettleiar Jon Andre Rebbestad og prosjektleiar Tove Hanne Ommedal. Dessutan spelar vi litteraturkortspel!
Disponible en todas partes
¡Escucha Podimo en tu móvil, tablet, ordenador o coche!
Un universo de entretenimiento en audio
Miles de podcast y audiolibros exclusivos
Sin anuncios
No pierdas tiempo escuchando anuncios cuando escuches los contenidos de Podimo.