Gjengevoll Pludrecast
Ilmainen podcast

Gjengevoll Pludrecast

Podcast by Gjengevoll Mangesysleri

Aloita maksutta
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon. 

Tätä podcastia voi kuunnella ilmaiseksi kaikilla podcast-soittimilla ja Podimo-sovelluksella ilman tilausta.

Kaikki jaksot

140 jaksot
episode 140: Påske 🐣 artwork
140: Påske 🐣

Hei vår og hei april! Vi har hatt ei god og innhaldsrik påske kor vi har kome nokre dugelere skritt vidare til å verta klare til sesongen.  Om tre veker startar lamminga, og målet er å få gjort så mykje som mogleg av det som hastar mest før den tid kjem. Det er ei kamp mot klokka å få hagen klar og logistikken på plass før alle plantene skal ut og alt allereie er overgrodd.  Nytt i år er at vi oppskalerer eggeproduksjonen og har mål om å byrja å ha hønsa på beite rundt omkring på eigedomen. No er dei gamle hønsa i drivhuset og 40 nye høner i fjøset, og begge deler må tømmast i løpet av dei neste vekene, så då må vi byggja ferdig dei mobile hønsehusa dei skal bu i. Travle tider! Facebook: Gjengevoll Mangesysleri [https://www.facebook.com/gjengevollmangesysleri] Instagram: @mangesysleriet [https://www.instagram.com/mangesysleriet/] Epost: hallo@gjengevoll.no P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

01. huhtik. 2024 - 31 min
episode 139: Mykje nytt og spanande artwork
139: Mykje nytt og spanande

No har vi mykje nytt å melda! Kjetil har fått seg ny jobb (!), og det har på ein måte Mari óg (i meir enn ein betydning). Vil du vita meir, må du lytta til episoda :) Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri [https://www.facebook.com/gjengevollmangesysleri] Instagram: @mangesysleriet [https://www.instagram.com/mangesysleriet/] Epost: hallo@gjengevoll.no P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

11. maalisk. 2024 - 34 min
episode 138: Korleis arrangera dugnadar? artwork
138: Korleis arrangera dugnadar?

Dagane vert stadig lysare og våren kjem stadig nærmare. Det er godt å kjenna at den mørkaste vinteren er bak oss og at vi har ei lang periode med lys og varme foran oss der naturen kjem til live igjen. I denne episoda snakkar vi om våre erfaringer med å arrangera dugnad på garden, og deler eit par tips til ting å tenkja på viss du skal gjera det same. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri [https://www.facebook.com/gjengevollmangesysleri] Instagram: @mangesysleriet [https://www.instagram.com/mangesysleriet/] Epost: hallo@gjengevoll.no P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

12. helmik. 2024 - 46 min
episode 137: Tente vi penger i 2023? artwork
137: Tente vi penger i 2023?

Årets mest ettertrakta (?) episode! I denne episoda gjev vi deg alle dei saftige detaljane om økonomien i drifta vår og fasiten for året som har gått. Kva gjekk i pluss? Kva gjekk i minus? Kva for salskanaler har funka best? Kva for produkt har vi selt mest av? Kva for nokre erfaringer har vi gjort oss og korleis vil vi gå vidare med bakgrunn i lærdomane vi har gjort? Fest setebeltet og gjer deg klar for ein episode fullspekka av tal og godsaker! Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri [https://www.facebook.com/gjengevollmangesysleri] Instagram: @mangesysleriet [https://www.instagram.com/mangesysleriet/] Epost: hallo@gjengevoll.no P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

29. tammik. 2024 - 1 h 44 min
episode 136: Hei 2024! artwork
136: Hei 2024!

Vi har starta på eit nytt år, og med det er det på tide å venda om eit nytt blad i boka om livet på Gjengevoll. Vi har lagt jul og nyttår bak oss, og står i skjæringspunktet mellom å evaluera og reflektera over 2023, og leggja planar for året vi har foran oss. Ei spanande nyheit er at vi køyrer digitalt mangesyslarkurs denne seinvinteren, og at påmeldinga har opna no! Kurset har oppstart 5. februar, og du kan lesa alt om det på denne sida: https://gjengevoll.no/digitalt-mangesyslarkurs/ Elles er Kjetil på jakt etter deltidsjobb, vi snakkar litt om salskanalar og moglege endringer i drifta, og - sist, men ikkje minst - ei snømus (!) har flytta inn i kjøkenskapet vårt. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri [https://www.facebook.com/gjengevollmangesysleri] Instagram: @mangesysleriet [https://www.instagram.com/mangesysleriet/] Epost: hallo@gjengevoll.no P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

08. tammik. 2024 - 43 min
Loistava design ja vihdoin on helppo löytää podcasteja, joista oikeasti tykkää
Kiva sovellus podcastien kuunteluun, ja sisältö on monipuolista ja kiinnostavaa
Todella kiva äppi, helppo käyttää ja paljon podcasteja, joita en tiennyt ennestään.

Saatavilla kaikkialla

Kuuntele Podimoa puhelimella, tabletilla, tietokoneella tai autossa!

Kokonainen maailma kuunneltavaa viihdettä

Tuhansia äänikirjoja ja yksinoikeuspodcasteja

Ei mainoksia

Kuuntelemalla Podimon sisältöä et tuhlaa aikaa mainosten kuuntelemiseen.

Tarjouksesi

Rajattomasti yksinoikeuspodcastien kuuntelua
Ei mainoksia
20 tuntia äänikirjoja / kk
Kokeilun jälkeen vain 7,99 € / kuukausi. Ei sitoutumista!

Muita podcasteja yksinoikeudella

Suosittuja äänikirjoja