Gjengevoll Pludrecast
Podcast door Gjengevoll Mangesysleri
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri...
Start 14 dagen gratis proefperiode
Na de proefperiode € 6,99 / maand.Elk moment opzegbaar.
Alle afleveringen
140 afleveringenHei vår og hei april! Vi har hatt ei god og innhaldsrik påske kor vi har kome nokre dugelere skritt vidare til å verta klare til sesongen. Om tre veker startar lamminga, og målet er å få gjort så mykje som mogleg av det som hastar mest før den tid kjem. Det er ei kamp mot klokka å få hagen klar og logistikken på plass før alle plantene skal ut og alt allereie er overgrodd. Nytt i år er at vi oppskalerer eggeproduksjonen og har mål om å byrja å ha hønsa på beite rundt omkring på eigedomen. No er dei gamle hønsa i drivhuset og 40 nye høner i fjøset, og begge deler må tømmast i løpet av dei neste vekene, så då må vi byggja ferdig dei mobile hønsehusa dei skal bu i. Travle tider! Facebook: Gjengevoll Mangesysleri [https://www.facebook.com/gjengevollmangesysleri] Instagram: @mangesysleriet [https://www.instagram.com/mangesysleriet/] Epost: hallo@gjengevoll.no P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
No har vi mykje nytt å melda! Kjetil har fått seg ny jobb (!), og det har på ein måte Mari óg (i meir enn ein betydning). Vil du vita meir, må du lytta til episoda :) Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri [https://www.facebook.com/gjengevollmangesysleri] Instagram: @mangesysleriet [https://www.instagram.com/mangesysleriet/] Epost: hallo@gjengevoll.no P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Dagane vert stadig lysare og våren kjem stadig nærmare. Det er godt å kjenna at den mørkaste vinteren er bak oss og at vi har ei lang periode med lys og varme foran oss der naturen kjem til live igjen. I denne episoda snakkar vi om våre erfaringer med å arrangera dugnad på garden, og deler eit par tips til ting å tenkja på viss du skal gjera det same. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri [https://www.facebook.com/gjengevollmangesysleri] Instagram: @mangesysleriet [https://www.instagram.com/mangesysleriet/] Epost: hallo@gjengevoll.no P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Årets mest ettertrakta (?) episode! I denne episoda gjev vi deg alle dei saftige detaljane om økonomien i drifta vår og fasiten for året som har gått. Kva gjekk i pluss? Kva gjekk i minus? Kva for salskanaler har funka best? Kva for produkt har vi selt mest av? Kva for nokre erfaringer har vi gjort oss og korleis vil vi gå vidare med bakgrunn i lærdomane vi har gjort? Fest setebeltet og gjer deg klar for ein episode fullspekka av tal og godsaker! Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri [https://www.facebook.com/gjengevollmangesysleri] Instagram: @mangesysleriet [https://www.instagram.com/mangesysleriet/] Epost: hallo@gjengevoll.no P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Vi har starta på eit nytt år, og med det er det på tide å venda om eit nytt blad i boka om livet på Gjengevoll. Vi har lagt jul og nyttår bak oss, og står i skjæringspunktet mellom å evaluera og reflektera over 2023, og leggja planar for året vi har foran oss. Ei spanande nyheit er at vi køyrer digitalt mangesyslarkurs denne seinvinteren, og at påmeldinga har opna no! Kurset har oppstart 5. februar, og du kan lesa alt om det på denne sida: https://gjengevoll.no/digitalt-mangesyslarkurs/ Elles er Kjetil på jakt etter deltidsjobb, vi snakkar litt om salskanalar og moglege endringer i drifta, og - sist, men ikkje minst - ei snømus (!) har flytta inn i kjøkenskapet vårt. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri [https://www.facebook.com/gjengevollmangesysleri] Instagram: @mangesysleriet [https://www.instagram.com/mangesysleriet/] Epost: hallo@gjengevoll.no P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Overal beschikbaar
Luister naar Podimo op je telefoon, tablet, computer of auto!
Een universum van audio-entertainment
Duizenden luisterboeken en exclusieve podcasts
Geen advertenties
Verspil geen tijd met het luisteren naar reclameblokken wanneer je luistert naar de exclusieve shows van Podimo.
Start 14 dagen gratis proefperiode
Na de proefperiode € 6,99 / maand.Elk moment opzegbaar.
Exclusieve podcasts
Advertentievrij
Non-Podimo podcasts
Luisterboeken
20 uur aan / maand