podcast banner
Edvin
Eksklusivt hos Podimo

Edvin

Podkast av Aschehoug og Svarttrost

"Han skratta og song med tullestemme, han dansa og gjøgla. Han sprang til skolen åleine kvar morgon. Han nekta å kle seg pent og klippe håret. Han reiste gjennom magiske portalar med storesyster si. Han elska bøker. Han pusla rundt åleine i bakgarden og fann små og store skattar som han drog med inn. Han var i sitt rette element i naturen, og gjekk helst utafor stiane. Han vart alltid våt på beina, men brydde seg ikkje om det. Han spredde mykje glede. Han var høgt elska, av naboar, venner og slektningar. Han hadde ein fantastisk fin sommarferie." Dette er eit utdrag frå minneordet Therese Tungen og Bår Stenvik skreiv over son sin Edvin, som blei nesten sju år gammal. Journalist Kari Hesthamar har i over eit år fått fylgja den vesle familien på Sagene i Oslo, etter at dei blei ramma av det verste ein kan tenke seg – å miste eit barn. Dokumentarserien er produsert av Svarttrost for Aschehoug forlag. 

Andre eksklusive podkaster

Ditt tilbud:

Ubegrenset tilgang til eksklusive podkaster
Ingen annonser
10 timer lydbøker i måneden
Etter prøveperioden kun 79,00 kr / Måned . Ingen binding.

Alle episoder

6 Episoder
episode Episode 5 artwork
Episode 5
Det har gått nesten eitt år, og familien på Sagene gruar seg til sommarferien utan Edvin. Bår syns det er vanskeleg å snakke med andre om at han gruar seg utan at det overtar samtalen fullstendig. Han vil ikkje at dei skal bli familien som har mista ein son, samstundes vil han at folk skal vite at han har hatt ein son. Når Therese spør om Idun kan tenke seg eit lite søsken svarar ho at ho kunne tenkt seg ein bror på sju år.
05. mars 2022 - 38 min
episode Episode 4 artwork
Episode 4
I forrige episode kom Therese over Bår som sat i senga med Mac-en i fanget og googla: How old can you be and still become pregnant? Tanken på eit nytt barn, og på om det er det som skal til for å finna balansen igjen og koma seg vidare, har tatt form. Å prøva å få eit nytt barn peikar inn i framtida, men Therese kjenner seg også som ei trulaus mor som prøver å erstatta Edvin.
05. mars 2022 - 25 min
episode Episode 3 artwork
Episode 3
Dei fyrste dagane etter at Therese, Bår og Idun er komne heim er det som om eit usynleg sikkerheitsnett blir vevd rundt dei. Telefonar, meldingar og blomar. Kvar gong dei åpnar døra ligg det noko utanfor - eit varmt brød, handskrivne kort og brev, fjøra frå naboen sin papegøye i ein konvolutt saman med gjærbakst. Den fyrste tida er full av både sorg og kjærleik. Men så byrjar ei vanskelegare tid. Den vesle familien sørgjer på ulik måte og kjem i utakt.
05. mars 2022 - 26 min
episode Episode 2 artwork
Episode 2
Therese og Bår drar til Rikshospitalet i Oslo for å møte Edvin og mormor som er på veg i helikopter. Therese har pakka sandalar og sommarkjole, eit manus ho driv og les. Det kan bli mykje venting. Nokre småting til Edvin. Bukse og t-skjorte, ei truse, bamsen hans, som han hadde fått då han slutta med smokk. Etter ei stund kjem tre legar med munnbind inn på rommet der dei sit. – Eg er redd eg har dårlege nyheiter, seier ei av dei.
05. mars 2022 - 24 min
episode Episode 1 artwork
Episode 1
Nesten alle historiar handlar om korleis og kvifor livet endrar seg. Den tiande august 2020 er ein nydeleg sommardag med sol på himmelen. Edvin (6) og Idun (9) er på sommarferie hos besteforeldra sine i Gudbrandsdalen. Foreldra Therese og Bår er i Oslo og pussar opp leilegheita, slik at ungane for første gong skal få kvar sitt rom. Så skjer det noko som skal endre livet for alltid.
05. mars 2022 - 24 min

Populære lydbøker

Enkelt å finne frem nye favoritter og lett å navigere seg gjennom innholdet i appen
Liker at det er både Podcaster (godt utvalg) og lydbøker i samme app, pluss at man kan holde Podcaster og lydbøker atskilt i biblioteket.
Bra app. Oversiktlig og ryddig. MYE bra innhold⭐️⭐️⭐️

Tilgjengelig overalt

Lytt til Podimo på telefonen, nettbrettet, datamaskinen eller i bilen!

Et univers av underholdning på lyd

Tusenvis av lydbøker og eksklusive podkaster

Ingen annonser

Ikke kast bort tid på å lytte til annonser når du lytter til Podimos innhold.

Andre eksklusive podkaster

Populære lydbøker