Atle Hansen snakkar med folk
Podkast av Atle Hansen
Ein podcast av forfattar, visesongar, låtskrivar og journalist Atle Hansen. Samtalar med folk eg kjenner eller har lyst til å bli kjent med, og som eg...
Prøv gratis i 14 dager
Etter prøveperioden kun 99,00 kr / Måned.Avslutt når som helst.
Alle episoder
9 EpisoderDette er andre episoden av samtalen min med den palestinske flyktningen Susan Hassan Abdalla. Ho er busett på Stord, er aktiv kommunepolitikar for Ap, lærar i ungdsomsskulen og mor. I denne episoden snakkar me om feminisme og Islam og om Israel sitt åtak på Gaza i årsskiftet 2008/2009, som Susan fekk oppleva på kroppen, og som til sist gjorde at ho flykta til Noreg med familien,
Susan Hassan Abdalla kom til Stord som flyktning for ti år sidan. Ho har overlevd massakren i Sabra og Shatila i 1982 og Israel sitt massive bombeåtak på Gaza i 2008/2009, ho har vore tolk for Yassir Arafat og gått på barneskule i Yemen. Ho er sterkt samfunnsengasert, oppteken av religion og feminisme, sjølvstende i både tankar og framferd og sitt eige folk sin lagnad,. Samtalen med henne er delt i to episodar, i denne første snakkar me først om Ramadan og Islam sine fem søyler og om hennar identitet som flyktning m.a. I den andre episoden handlar det både om feminisme og Islam og om å leva under bomberegnet frå isrealske F16-fly, då heimen hennar vart øydelegd og den kvite fosforen frå bombene brann både hus og folk. Og ho snakkar om å komma til Stord og bli lærar. Kommunepolitikaren har me priroritert vekk.
Ein litt springande samtale som startar med spørsmålet om me kan læra noko av historia, og sidan både svingar innom urbanisering, arkitektur, vern av hus, dialekt og språk, trællehald, Gutaltingslova og mykje anna. Geir Atle Ersland er professor i middelalderhistorie ved Universitetet i Bergen, han har skrive fleire bøker med historiske emne og ein historisk roman.
Kommunepolitikar for Raudt, noregsmeister i Petanque, spesialpedagog, lærartillitsvald og lidenskapleg samlar av vinylplater. Tore Roth Blokhus er gjest i denne episoden av Atle Hansen snakkar med folk, og det er ein mann det er vel verd å lytta til.
I første samtalen min med Gro Dregelid snakka me mest om unge, mindreårige asylsøkjarar som ho har vore representant og "mamma" for, om Utøya og terroristen og om korleis den norske staten behandlar desse unge som kjem hit. I andre delen av samtalen handlar det mest om arbeidet Gro Dregelid gjer i Tanzania, om Stord, og om henne sjølv.
Tilgjengelig overalt
Lytt til Podimo på telefonen, nettbrettet, datamaskinen eller i bilen!
Et univers av underholdning på lyd
Tusenvis av lydbøker og eksklusive podkaster
Ingen annonser
Ikke kast bort tid på å lytte til annonser når du lytter til Podimos innhold.
Prøv gratis i 14 dager
Etter prøveperioden kun 99,00 kr / Måned.Avslutt når som helst.
Eksklusive podkaster
Uten reklame
Gratis podkaster
Lydbøker
20 timer i måneden