Colletts kafé
Podkast av Universitetet i Agder
Denne podkasten er gratis å lytte på alle podkastspillere og i Podimo-appen uten abonnement.
Alle episoder
7 EpisoderI denne episoden møter podkast-vert Gunhild Kvåle dei to filosofane Hilde Vinje og Camilla Flodin. Begge er førsteamanuensis i filosofi ved Institutt for religion, filosofi og historie ved UiA. Kva er filosofi? Kva gjer filosofar når dei driv forsking? Kva verdi har filosofihistoria i vår tid? I samtalen snakkar dei også om lykke, natur og kunst – og om andre grunnleggjande menneskelege spørsmål.
I denne episoden snakkar podkast-vert Gunhild Kvåle med to forskarar i spesialpedagogikk: doktorgradsstipendiat Marianne Engen Matre og professor Lans (David Lansing) Cameron. Begge er tilsette ved Institutt for pedagogikk ved UiA, og tilknytte det nasjonale forskingssenteret for spesialpedagogisk forsking og inkludering, SpedAims. Kva gjer spesialpedagogikk-forskarar når dei forskar? Kva slags utfordringar og moglegheiter gir digitale teknologiar for spesialpedagogisk arbeid? Og kva gjorde doktorgradsstipendiat Marianne då covid-nedstenginga kom midt i datainnsamlinga hennar? Dette – og enda meir – kan du lære meir om i denne episoden.
I denne episoden møter podkast-vert Gunhild Kvåle professor Jorunn Midtsundstad og førsteamanuensis Inger Marie Dalahefte, som begge er tilsette ved Institutt for pedagogikk. Dei har saman med kollegaer på UiA og fleire kommunar på Agder gjennomført eit stort NFR-finansiert prosjekt om utvikling av skulens inkluderande fellesskap, kalla «School-in». Kvifor verkar dei same tiltaka ulikt i ulike skuler? Kva roller spelar lokalmiljøet for skulen som fellesskap? Og korleis kan forskarar og praksisfeltet arbeide saman om forsking på skuleutvikling?
I denne episoden møter podkast-vert Gunhild Kvåle professor Sandra L. Halverson og doktorgradsstipendiat Erlend Wichne til ein samtale om det å forske på omsetjingar. Kva gjer forskarar når dei forskar på omsetjingar? Kva roller speler omsetjingar og gjendiktingar i samfunnsutviklinga? Og kva rolle har UiAs i forskingsfeltet, som einaste lærestad i Noreg som tilbyr utdanning i oversetting på masternivå?
I denne episoden møter podkast-vert Gunhild Kvåle litteraturprofessor Unni Langås og førsteamanuensis i medievitskap Siri Hempel Lindøe. Langås er prosjektleiar for eit stort, tverrfagleg forskingsprosjekt som nyleg har fått innvilga støtte frå Noregs forskingsråd. I prosjektet skal dei undersøke korleis andre verdskrig i Noreg blir framstilt i m.a. litteratur, film, teater, utstillingar og TV-produksjonar. Kva rolle har kunstnariske framstillingar for vår tids forståing av krigen? Korleis blir verdskrigen fortald no som dei som sjølve opplevde krigen, er borte? Korleis har andre verdskrig blitt fortald i tiåra etter krigen, og kva slags forteljingar blir produserte i dag?
Tilgjengelig overalt
Lytt til Podimo på telefonen, nettbrettet, datamaskinen eller i bilen!
Et univers av underholdning på lyd
Tusenvis av lydbøker og eksklusive podkaster
Ingen annonser
Ikke kast bort tid på å lytte til annonser når du lytter til Podimos innhold.