Derfor er jeg sosialdemokrat
Podkast av Derfor er jeg sosialdemokrat
Hadia Tajik snakker med ulike mennesker om hvorfor de er sosialdemokrater. Korte, personlige og politiske historier om hvordan hverdagen vår former de...
Prøv gratis i 14 dager
Etter prøveperioden kun 99,00 kr / Måned.Avslutt når som helst.
Alle episoder
13 EpisoderTorbjørn Vereide (31) er fyrstekandidat for Arbeiderpartiet i Sogn og Fjordane i stortingsvalet i haust. Han er ein sjølverklært evig optimist og har alltid sett lyst på framtida. Men han meiner det er skummelt å berre rekne med at ting ordner seg på slump. «Me må jobbe for å bevare dei sterke fellesskapa vi har i Norge», seier han, «fordi ved å løfte kvarandre får me til noko større saman.»
Det som gjorde at Jone Edland var sikker på at han høyrde heime i Arbeiderpartiet var erfaringa med fagrørsla og trepartssamarbeidet, hjå den tradisjonsrike plogfabrikken Kverneland i Rogaland. 45-åringen arbeider som teamleiar for vedlikehald og verktøyskonstruksjon og har erfart i kvardagen kva rørsla har å seie for gutta på golvet. Høyr meir om kvifor Jone er sosialdemokrat her. (Merk at episoden er spelt inn før koronapandemien braut ut.)
Arne Pedersen er ein sterk røst frå Vestre Jakobselv. Mange kjenner han som leiar i Kystfiskarlaget, ein organisasjon som representerer 700 medlemmar langs heile kysten. Høyr korleis han meiner organisasjonsliv og fiskekvotar kan skildre kampane sosialdemokratiet står overfor i dag. Merk at opptaket med Arne var gjort før koronapandemien braut ut.
Zaineb Al-Samarai er fyrste vara til Stortinget frå Oslo Arbeiderparti, og leiar for Oslo Arbeidersamfunn - det største arbeiderpartilaget me har! 32-åringen har arbeidserfaring frå ferskvaredisken hjå Meny, som avisbud, advokatfullmektig og rådgjevar. I mange år spelte ho fotball på høgt nivå - og no er ho styremedlem i Norges Idrettsforbund. Denne spesialutgåva av «Derfor er jeg sosialdemokrat» er eit liveopptak frå vår 1. mai-prat.
Elin Dahlseng Eide er den fyrste som tok høgare utdanning i familien til far sin. I dag bur ho i Rana, og er PPT-rådgjevar hjå Polarsirkelen vidaregåande og gruppeleiar i Rana Arbeidarparti. Då ho som 13-åring ville melde seg inn i AUF måtte ho gjennom eit kryssforhør med foreldra sine om kvifor ho meinte ho var sosialdemokrat. Høyr Elin fortelje om kva sosialdemokratar bør gjere meir av framover, i denne episoden av «Derfor er jeg sosialdemokrat».
Tilgjengelig overalt
Lytt til Podimo på telefonen, nettbrettet, datamaskinen eller i bilen!
Et univers av underholdning på lyd
Tusenvis av lydbøker og eksklusive podkaster
Ingen annonser
Ikke kast bort tid på å lytte til annonser når du lytter til Podimos innhold.
Prøv gratis i 14 dager
Etter prøveperioden kun 99,00 kr / Måned.Avslutt når som helst.
Eksklusive podkaster
Uten reklame
Gratis podkaster
Lydbøker
20 timer i måneden