Revypodden
Podkast av Roy Aron Brenvik Myklebust
Denne podkasten er gratis å lytte på alle podkastspillere og i Podimo-appen uten abonnement.
Alle episoder
3 EpisoderTommy Berg frå Altarevyen har vunne på Høylandet med både monolog, sketsj og songnummer. Mange hugsar han nok frå innslaget Russisk eventyr, frå 2011, der han går Harald Heide Steen jr. ein høg gong! Han er kjent for sin leikne stil på scena og storkosar seg når det surrealistiske blir kombinert med litt meir alvorlege undertonar. Bli betre kjent med fembarnsfaren, finansrådgjevaren, fylkestingpolitikaren - og ikkje minst revyskodespelaren Tommy Berg!
Ole Bergesen er fitjarbuen som tok revynorge med storm i 1995, då han entra scena på Høylandet med Ferjedirigenten. Eit nummer som representerte noko heilt nytt, og som gjekk rett heim hos publikum og vann fleire prisar. Sidan då har han hatt eit innhaldsrikt sceneliv og vore primus motor for sommarrevyen på Fitjar i 22 år, før han gav seg etter denne sesongen.
Roy Aron B. Myklebust ringer ein av dei mestvinnande frå Høylandet. Harald Morten Bremseth er rørleggaren frå Stjørdal som er viden kjent for karakterar som "Vikar'n", "Skihoppar'n" og Anna Bola. Han debuterte i NM revy på Høylandet i 1993, og var sentral i Lånkerevyen gjennom 30 år. I dag er han del av trioen Kveli Rånes Bremseth, og turnerer store deler av landet.
Tilgjengelig overalt
Lytt til Podimo på telefonen, nettbrettet, datamaskinen eller i bilen!
Et univers av underholdning på lyd
Tusenvis av lydbøker og eksklusive podkaster
Ingen annonser
Ikke kast bort tid på å lytte til annonser når du lytter til Podimos innhold.