Bak maska - Teater Vestland
Podcast door Sprei
Teater Vestland sin podkast har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om te...
Start 14 dagen gratis proefperiode
Na de proefperiode € 6,99 / maand.Elk moment opzegbaar.
Alle afleveringen
6 afleveringenHøyr regissør Linn Meyer Kongshavn og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt snakke om årets første produksjon på Teater Vestland: Gratis og uforpliktande verdivurdering, basert på boka til samtidsforfattar Marit Eikemo. Det er ein styrke at så mange kan kjenne seg att i karakterane, men også litt skummelt. Korleis vil publikum oppleve samtidsdramatikk som til dei grader er tett på tida vi lever i?
Cecilie Grydeland Lundsholt har vore teatersjef i snart eitt år, og her gjer ho opp status i samtale med sjefen, styreleiar Rasmus Mo. Som mange andre trudde ho at pandemien skulle vere over innan 2021. Ho hadde programmert ein komedie og ei gøyal familieframsyning for å feire gjenopninga av landet - i staden vart det latter på blå resept for å komme igjennom den tunge tida. Éin gong måtte ho gå på kontoret for å gråte ein skvett, kjem det fram i denne podkasten.
Høyr teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt snakke om vårens program på Teater Vestland saman med tidlegare teatersjef Terje Lyngstad. Det blir drama, humor, musikalsk heilaftan på bygdehuset, utvida verkelegheit, popup-teater og endeleg - etter to avlyste år - Kinnaspelet! I tillegg kan du høyre siste nytt om Nynorskhuset, Nynorsk scenespråksenter og dessutan at teatersjefen faktisk begynte å snakke på nynorsk dialekt.
Høyr regissør Miriam Prestøy Lie i samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt om «Jenta med fyrstikkene», ei annleis juleframsyning for heile familien. Regissøren ønsker at framsyninga skal inspirere barn til å bruke stemma si - og gjerne også bli meir opprørske!
Høyr Are Kalvø i samtale med Heidi Hattestein om «Toppar VG-lista», eit show om popmusikken og meininga med livet. Are fortel at han er blitt meir forståelsesfull og mindre kritisk med åra. Han meiner det er mykje kjærleik i å vere vennleg frekk, og at ein alltid bør vere klar til å bry seg om nokon ein ikkje kjenner.
Overal beschikbaar
Luister naar Podimo op je telefoon, tablet, computer of auto!
Een universum van audio-entertainment
Duizenden luisterboeken en exclusieve podcasts
Geen advertenties
Verspil geen tijd met het luisteren naar reclameblokken wanneer je luistert naar de exclusieve shows van Podimo.
Start 14 dagen gratis proefperiode
Na de proefperiode € 6,99 / maand.Elk moment opzegbaar.
Exclusieve podcasts
Advertentievrij
Non-Podimo podcasts
Luisterboeken
20 uur aan / maand