SunnhordlandPodden
Christian André Balchen frå Stord er ein mann som brenn litt over snittet for fyrstehjelp, ambulanseyrket og det å stilla opp når menneske står midt i det vanskelege. Christian André har over 24 år bak seg i ambulansetenesta, og før det jobba han som sjukepleiar på sjukehus. Han tek oss med inn i ein kvardag der ingen dagar er like: brystsmerter, trafikkulukker, fødslar, sårbare samtalar og møte med menneske i livets mest krevjande augeblikk. Vi snakkar om kva som gjer jobben meiningsfull, korleis ein handterer sterke inntrykk, kvifor den gode kaffikoppen med ein kollega kan vera den beste debriefen – og ikkje minst: kvifor vanlege folk ikkje må vera redde for å gripa inn. Christian André deler konkrete råd om HLR, hjartestartar, hjerneslag, ulukker, nedkjøling og kva du bør gjera når sekund faktisk tel. I tillegg blir det litt lokalpolitikk, helse og samferdsel. Sponsor: Jarle Steinsland AS [https://www.jarlesteinsland.no] Jarle Steinsland AS – rørleggar og flisleggjar med hovudvekt på rehabilitering av bad og våtrom. Jarle har over 20 års erfaring i faget, og han er den rørleggaren eg sjølv ringer til når noko må fiksast heime hos oss. Treng du hjelp til bad, våtrom eller rørleggartenester, så er det absolutt verdt å ta kontakt med Jarle Steinsland AS - https://www.jarlesteinsland.no
418 episoder
Kommentarer
0Vær den første til at kommentere
Tilmeld dig nu og bliv en del af SunnhordlandPodden-fællesskabet!