Billede af showet SunnhordlandPodden

SunnhordlandPodden

Podcast af Kjetil Fyllingen

norsk

Business

Begrænset tilbud

2 måneder kun 19 kr.

Derefter 99 kr. / månedOpsig når som helst.

  • 20 lydbogstimer pr. måned
  • Podcasts kun på Podimo
  • Gratis podcasts
Kom i gang

Læs mere SunnhordlandPodden

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

Alle episoder

403 episoder
episode Stord Bygdekvinnelag – ein viktig beredskapsorganisasjon med rom for fleire artwork

Stord Bygdekvinnelag – ein viktig beredskapsorganisasjon med rom for fleire

Rigmor Vikane og Sissel Bjelland frå Stord Bygdekvinnelag deler engasjerande historier om inkludering, beredskap og møteplassar på tvers av generasjonar. Me får høyra om samarbeidet med asylmottaket, språkkafé, skule og frivillig arbeid – og korleis enkle tiltak kan skapa ekte fellesskap i lokalsamfunnet. I over 100 år har Bygdekvinnelaget arbeidd for betre kår for kvinner og levande bygder. I dag er dei òg anerkjende som ein viktig del av den nasjonale beredskapen. Dei viser at små handlingar – eit måltid, ein kaffikopp, eit kurs eller ei utstrekt hand – kan bety langt meir enn me ofte tenkjer. Sjekk ut: https://www.bygdekvinnelaget.no/lokallag/stord-bygdekvinnelag [https://www.bygdekvinnelaget.no/lokallag/stord-bygdekvinnelag] Sponsor: Miriams Gard og Hav Denne episoden er sponsa av Miriams Gard og Hav – ein lokal utsalsbutikk på Bømlo med ekte smak frå gard, hav og skog. Hos Miriams får du nysteikt bakst, lokal honning og ferske gards­egg – i tillegg til kalkun, kylling og smakfull ost frå ysteri. Dei fyller disken med fersk fisk, røykjer aure, og tilbyr krabbe og sjøkreps frå dei reine vestlandsfarvatna rundt Bømlo. Er du glad i skikkeleg godt kjøt, finn du vestlandsk storfe, røykjebacon, saftige pølser og hamburgarar – og kraftbein som gir deg den beste heimelaga krafta. I tillegg har dei hjort, dåhjort og villsvin for deg som vil ha noko ekstra. Du finn òg nydelege handverksprodukt i tre – alt frå ostehøvel og skjerebrett til eggeglas, ostefat med magnet, ostekniv, salatbestikk, fiskespade, salatskåler og tallerkenar. Bak Miriams står ein matglad familie som brenn for kvalitet, natur, dyrevelferd og ekte råvarer. Gå inn på miriams.no [https://miriams.no], sjå utvalet og støtt lokal matglede frå gard, skog og fjord.

I går - 47 min
episode Andreas Fjellandsbø - om Ekspedisjonsreiser, Safarispesialisten og kva som skal til for å nå toppen av Kilimanjaro artwork

Andreas Fjellandsbø - om Ekspedisjonsreiser, Safarispesialisten og kva som skal til for å nå toppen av Kilimanjaro

Han er eventyraren som trivst både over skyene og midt i vill natur – men som alltid vender heim att til fjord, fjell og kvardagsro i Kvinnherad. I denne episoden blir vi betre kjende med Andreas Fjellandsbø , gründer av Ekspedisjonsreiser og Safarispesialisten. Sidan 2016 har han sendt nordmenn ut på turar utanfor allfarveg – til Kilimanjaro, Himalaya, Inka-stien og andre ikoniske destinasjonar. I 2023 starta han Safarispesialisten, der draumereiser til Afrika blir skreddarsydde for familiar, bryllaupspar og eventyrlystne reisande.  For Andreas handlar det ikkje berre om å nå ein topp, men om meistring, fellesskap og å realisere draumar!  Vi får høyre om den første backpackerturen som opna verda, om dramatiske opplevingar på over 7000 meter i Nepal, om møte med fjellgorillaer i Uganda – og om kvifor sjølv dei tøffaste kan felle ei tåre på toppen av Kilimanjaro ved soloppgang. Samtidig er han ein heilt vanleg familiefar på Husnes, som balanserer gründerliv, risiko og reiselyst med småbarnsliv og heimlengsel.  Korleis overlever ein pandemi når heile bransjen stoppar opp? Kva lærer du av milliontap, permittering og usikker verdssituasjon? Og kva skal eigentleg til for at du – ja, du – kan klare Kilimanjaro? Dette er ein samtale om mot og marginar, om å tore å starte før alt er perfekt, om å skape arbeidsplassar i Afrika – og om kvifor det kanskje er betre å angre på det du gjorde enn det du aldri våga. Sponsor: Stord Tannregulering Har du vurdert å gjøre noe med smilet ditt? De fleste voksne pasienter får i dag behandling med nesten usynlige plastskinner som skånsomt flytter tennene – helt uten tradisjonelle klosser limt på tennene.  Diskré, komfortabelt og tilpasset en travel hverdag. Nå får de 5 første pasientene over 20 år som bestiller time, gratis konsultasjon. Oppgi rabattkoden «Sunnhordlandpodden» når du bestiller. Stord Tannregulering tilbyr moderne kjeveortopedisk behandling på Stord, og har også klinikk på Husnes én dag i uken. Les mer og bestill time på: stordtannregulering.com [https://stord-tannregulering.no]

23. feb. 2026 - 38 min
episode Simen Skarpnes Røyrøy - om Fitjar, Fotball og FpU artwork

Simen Skarpnes Røyrøy - om Fitjar, Fotball og FpU

Han er ung – men engasjementet for Fitjar, fotball og politikk er stort. I denne episoden møter vi Simen Skarpnes Røyrøy frå Fitjar: ungdomspolitikar, fotballentusiast og ein tydeleg stemme i samfunnsdebatten. Vi snakkar om kvifor han har valt å engasjere seg politisk, korleis det er å vere med i FpU, og kvifor ungdomsrådet faktisk spelar ei viktig rolle. I tillegg blir det prat om fotballglede, sterke comeback, Fitjar som heimstad – og kva som driv ein 15-åring til å ville påverke framtida. Ein engasjert og ærleg samtale om fellesskap, meiningar og motet til å stikke hovudet fram. Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: ⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠ [https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe]

16. feb. 2026 - 24 min
episode Ingvild Eikeland – fotterapi, fothelse og kvardagen som fotterapeut i Stord Helsepark artwork

Ingvild Eikeland – fotterapi, fothelse og kvardagen som fotterapeut i Stord Helsepark

Føter ber oss gjennom heile livet – likevel er fothelse noko mange tek på alvor altfor seint. I denne episoden møter du Ingvild Eikeland, autorisert fotterapeut og gründer bak Eikelands Fothelse, med klinikk i Stord Helsepark. Vi snakkar om kvifor så mange slit med fotplager, kva sko eigentleg har å seie for kroppen vår, og kvifor problem i føtene kan forplante seg heilt opp til kne, hofte og rygg. Ingvild deler praktiske råd om alt frå inngrodde negler og hard hud til barnesko, arvesko og kva du bør sjå etter når du kjøper nye sko. Du får òg høyre historia hennar – frå oppvekst på Huglo, via ei dramatisk utdanningsreise, til kvardagen som fotterapeut med full timebok og lang venteliste. Ei ærleg og lærerik samtale om fothelse, fagstoltheit og livet som sjølvstendig næringsdrivande. Ei episode for deg som vil ta betre vare på føtene dine – og kroppen elles. 👣 Sponsor: Brilleriet Dagens episode er sponsa av Brilleriet – din lokale optikar på Leirvik og Heiane. Livet er for kort til kjedelege briller, og endå kortare til å gå rundt med plager i augo. Stadig fleire slit med tørre auge, ruskekjensle og sårheit – ofte på grunn av skjermbruk, inneklima og kvardagsstress. Mange ventar altfor lenge med å søkje hjelp. Hos Brilleriet får du ikkje berre råd og dråpar, men moderne behandling som går til rota av problemet, med lysbehandling og spesialutstyr som kan gi varig betring i augehelsa. Stor takk til Brilleriet for at dei er med på laget og støttar Sunnhordlandpodden

9. feb. 2026 - 47 min
episode Uttara Mari og Terje Andreassen - om Bømlo Hundepensjonat og Miriams Gard og Hav artwork

Uttara Mari og Terje Andreassen - om Bømlo Hundepensjonat og Miriams Gard og Hav

Kva skjer når to som er litt over snittet glad i hund – og litt over snittet opptatt av gode råvarer – bestemmer seg for å satse skikkeleg? I denne episoden møter du Uttara Mari og Terje Andreassen. Dei driv Bømlo Hundepensjonat, med plass til både hund, katt og smådyr – og fortel om kvardagen i ein “hundebarnehage” der trivsel, tryggleik og hundespråk står i sentrum. Du får òg høyra om seriøst oppdrett av labrador, kva dei ser etter hos nye eigarar – og kvifor dei meiner det nesten burde vore “sertifikat” for å ha hund. Som om ikkje det var nok, har dei starta Miriams Gard og Hav, der målet er å gjera det lettare å få tak i rein mat og ekte råvarer – frå hjort og storfe til torsk og sjøkreps. Me snakkar dyrevelferd, lokalmat, fellesskap – og store draumar for Bømlo. Nettsider: bomlohundepensjonat.no [https://bomlohundepensjonat.no] og miriams.no  [https://miriams.no](dei finn du òg i sosiale medium). Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe [https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe]

2. feb. 2026 - 45 min
En fantastisk app med et enormt stort udvalg af spændende podcasts. Podimo formår virkelig at lave godt indhold, der takler de lidt mere svære emner. At der så også er lydbøger oveni til en billig pris, gør at det er blevet min favorit app.
En fantastisk app med et enormt stort udvalg af spændende podcasts. Podimo formår virkelig at lave godt indhold, der takler de lidt mere svære emner. At der så også er lydbøger oveni til en billig pris, gør at det er blevet min favorit app.
Rigtig god tjeneste med gode eksklusive podcasts og derudover et kæmpe udvalg af podcasts og lydbøger. Kan varmt anbefales, om ikke andet så udelukkende pga Dårligdommerne, Klovn podcast, Hakkedrengene og Han duo 😁 👍
Podimo er blevet uundværlig! Til lange bilture, hverdagen, rengøringen og i det hele taget, når man trænger til lidt adspredelse.

Vælg dit abonnement

Begrænset tilbud

Premium

20 timers lydbøger

  • Podcasts kun på Podimo

  • Gratis podcasts

  • Opsig når som helst

2 måneder kun 19 kr.
Derefter 99 kr. / måned

Kom i gang

Premium Plus

100 timers lydbøger

  • Podcasts kun på Podimo

  • Gratis podcasts

  • Opsig når som helst

Prøv gratis i 7 dage
Derefter 129 kr. / måned

Prøv gratis

Kun på Podimo

Populære lydbøger

Kom i gang

2 måneder kun 19 kr. Derefter 99 kr. / måned. Opsig når som helst.