SunnhordlandPodden
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Teamleiar Marie Røsvik Haldorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen frå Rask Psykisk Helsehjelp i Bømlo kommune. Dei fortel om eit lågterskeltilbod som gir hjelp til menneske som strevar med lettare former for stress, angst, depresjon, søvnproblem, grubling og bekymringar. Kvifor slit så mange med psykisk helse i dag? Kva gjer sosiale medium med oss? Korleis kan ein handtera overtenking og bekymringar? Og kva er eigentleg skilnaden på vanlege livsutfordringar og psykiske lidingar? Du får også konkrete råd om korleis du kan ta vare på eiga psykisk helse, kvifor fysisk aktivitet og sosiale relasjonar er så viktige, og når det kan vera lurt å be om hjelp. Ein viktig og aktuell samtale om psykisk helse, håp og korleis små grep kan gjera ein stor forskjell. Sponsor: Bømlo ProfilTreng du arbeidsklede, profilklede, skilt, reklameartiklar eller hjelp med grafisk design? Då bør du ta turen innom Bømlo Profil i Hollundsdalen.Med eige showroom og ein engasjert gjeng på laget tilbyr dei alt frå logoar og visuell profil til arbeidsklede og profileringsprodukt for små og store bedrifter. Dei kan også byggja eigne nettløysingar for kundane sine, med portal der du enkelt kan bestilla utvalde produkt til di bedrift. I tillegg pakkar og leverer dei arbeidsklede direkte på arbeidsplassen dersom det er ønskjeleg.Bømlo Profil satsar på personleg service, raske leveransar og gode løysingar tilpassa di bedrift. Samstundes er dei opptekne av å sjå heile menneske – og dei veit at god psykisk helse er ein viktig del av ein god arbeidskvardag. Difor heier dei på initiativ som «Rask psykisk helsehjelp», som gjer det lettare å få hjelp når ein treng det.Ta kontakt med Bømlo Profil – dei har kaffien klar og hjelper deg gjerne med å synleggjera di verksemd. Sjekk ut: * https://bomloprofil.no [https://bomloprofil.no] * https://www.facebook.com/bomloprofil [https://www.facebook.com/bomloprofil] * https://www.instagram.com/bomlo_profil/ [https://www.instagram.com/bomlo_profil/]
418 episodes
Comments
0Be the first to comment
Sign up now and become a member of the SunnhordlandPodden community!