Studio 2
Podcast von NRK
Diesen Podcast kannst du überall hören, wo es Podcasts gibt und auch ohne Mitgliedschaft in der Podimo App.
Alle Folgen
16 FolgenSom både verdsmeister og OL-meister i kokkekunst, er konditor Sverre Sætre kjent for kunsten sin som han skulpterer med blant anna sjokolade. Han kvittar seg med ein støvsamlar i Studio 2! Hør episoden i appen NRK Radio [https://radio.nrk.no/podkast/studio_2/l_afd6c967-6065-4dcf-96c9-6760650dcfdc?utm_source=thirdparty&utm_medium=rss&utm_content=podcast%3Al_afd6c967-6065-4dcf-96c9-6760650dcfdc]
Angela Davis var på lista over FBI sine mest ettersøkte, men blei óg eit internasjonalt motstandssymbol på undertrykking og rasisme i USA. Mange kjenner ho som politisk aktivist, men ikkje alle veit at ho óg var viktig i filosofien. I boka «Opprørerne» tar forfattar og professor Kristin Gjesdal lesaren med inn i klasserommet i USA, og inn i liva til elleve kvinnelege filosofar ho meiner er gløymt i den moderne filosofihistoria. Hør episoden i appen NRK Radio [https://radio.nrk.no/podkast/studio_2/l_19db49c1-0138-482a-9b49-c10138a82ac0?utm_source=thirdparty&utm_medium=rss&utm_content=podcast%3Al_19db49c1-0138-482a-9b49-c10138a82ac0]
Eit kontroversielt gruppebilde saman med filosofane Nietzsche og Rée gav ho eit rykte for ettertida som forførarisk «manne-etar». Men bidraga Lou Andreas-Salomé kom med i filosofien viser at ho var langt meir enn det, ifølge professor og forfattar Kristin Gjesdal. Ved Temple University i USA, underviser Gjesdal i kvinnelege, gløymte filosofar. Dette har óg blitt til boka «Opprørerne: Kvinner som endret filosofien». Hør episoden i appen NRK Radio [https://radio.nrk.no/podkast/studio_2/l_1a9556d7-e5df-4112-9556-d7e5df111299?utm_source=thirdparty&utm_medium=rss&utm_content=podcast%3Al_1a9556d7-e5df-4112-9556-d7e5df111299]
Som open motstandar av Napoleon, gjekk Germaine de Staël keisaren så mykje på nervane at han sendte ho i eksil i ti år for å stilna ho. Det var det dummaste han kunne gjort, ifølge forfattar og professor Kristin Gjesdal. I boka, «Opprørerne : Kvinner som endret filosofien», tar ho for seg elleve kvinner som ho meiner har blitt forsømt i filosofihistoria. Dette har óg blitt eit fag ho underviser i i USA, og i boka får me bli med inn i klasserommet. Hør episoden i appen NRK Radio [https://radio.nrk.no/podkast/studio_2/l_94aab62a-820b-4af3-aab6-2a820bcaf3b5?utm_source=thirdparty&utm_medium=rss&utm_content=podcast%3Al_94aab62a-820b-4af3-aab6-2a820bcaf3b5]
Då ho innsåg at den moderne europeiske filosofihistoria bestod utelukkande av menn, tok professor Kristin Gjesdal grep. Det resulterte i eit nytt fag som ho underviser i i USA, i tillegg til boka «Opprørerne: Kvinner som endret filosofien». Her tar ho for seg elleve kvinnelege filosofar som ho meiner har blitt forsømt i filosofihistoria. I boka får me bli med inn i klasserommet. Hør episoden i appen NRK Radio [https://radio.nrk.no/podkast/studio_2/l_00d83045-789a-49ad-9830-45789aa9ad65?utm_source=thirdparty&utm_medium=rss&utm_content=podcast%3Al_00d83045-789a-49ad-9830-45789aa9ad65]
Nutze Podimo überall
Höre Podimo auf deinem Smartphone, Tablet, Computer oder im Auto!
Ein ganzes Universum für Unterhaltung für die Ohren
Tausende Hörbücher und exklusive Podcasts
Ohne Werbung
Verschwende keine Zeit mit Werbeunterbrechungen, wenn du bei Podimo hörst