SunnhordlandPodden
Cecilie Tveit Mehammer er glad i trening, jakt, natur og menneske. Ho er utdanna helsefagarbeidar og personleg trenar, og brenn for å hjelpa andre til å ta vare på både kropp og hovud. For henne handlar trening ikkje først og fremst om kroppsideal, sixpack eller perfekte rutinar, men om meistring, mental helse og det å finna styrke i kvardagen. I samtalen fortel Cecilie ope om mobbing i oppveksten, dårleg sjølvkjensle, angst og «styggen på ryggen» – den indre kritikaren som kan gjera kvardagen tung. Ho deler også korleis trening har blitt eit viktig verktøy for å dempa uro, byggja sjølvtillit og få meir ro i kroppen. I dag hjelper Cecilie andre som personleg trenar. Ho ønskjer å møta folk der dei er, senka terskelen for å koma i gang og visa at trening kan vera for heilt vanlege menneske med heilt vanlege liv. Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar. For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland. Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe [https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe]
418 episodios
Comentarios
0Sé la primera persona en comentar
¡Regístrate ahora y únete a la comunidad de SunnhordlandPodden!