Dei 15 mest vestlandske vestlendingane
Podcast door Bergens Tidende
Portrettserie. Ein jury har kåra dei 15 mest typiske vestlendingane for BT.
Start 14 dagen gratis proefperiode
Na de proefperiode € 6,99 / maand.Elk moment opzegbaar.
Alle afleveringen
15 afleveringenHo hadde "øl te selle", budde i Sandviken og var i nær familie med Jonnemann, men kven var Madam Felle? Faktisk er det fleire kandidatatar til denne mytiske tittelen. Bli med å løysa dette gamle bergensmysteriet, og bli kjent med Jonnemann, som var litt av ein luring! Madam Felle er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen.
Som liten drøymde Helge Arvid Møgster om båtar. 14 år gammal tente fiskaren over ei årsinntekt på ein sommar. Mangemilliardæren har eit års utdanning og styrer imperiet bygd på fisk og olje frå Storebø i Austevoll. Han slo seg opp saman med broren Ole Rasmus, og alt gjekk på skinner då den verst tenkelege beskjeden kom. Helge Møgster er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen.
Han var elleve år då han kom til Bergen som flyktning. Draumen var å bli proff basketstjerne, eller driva kebab i Bergen. Om nettene selde Leo og foreldra gatemat utanfor utestadene i Bergen for å skaffa pengar. Han slo seg opp som TV-profil på BTV med det kontroversielle "kattekastet", og han var fødselshjelpar for artistar som Lars Vaular og John Olav Nilsen. I 2017 fekk han Fritt Ords honnørpris for dokumentarserien "På flukt". I denne episoden blir vi med Leo heim til Løvstakk-sida i Bergen. Leo Ajkic er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen.
Han kunne blitt statsminister, men avslo. Wilhelm Christie ville heller bu i Bergen. Hausten 1814 var han strategen som avverga krig med svenskane. Samtidig sikra han at Noreg fekk behalda den nye grunnlova si. Seinare grunnla han Bergens Museum, som er forløparen til Universitetet i Bergen. Christie var evig ungkar, men hadde to søner utanfor ekteskap frå studietida i København. Då mora til sønene døydde, måtte han ta eit val. Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849) er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen.
Han reiste land og strand rundt i 24 år for å spørja framande om å få høyra på når dei snakka. Nynorskens far, Ivar Aasen, gav nordmenn sitt eige språk. I denne episoden kan du høyre om pipekonsertar, bokbål og drapstruslar, men også om kor viktig det nynorske språket er for mange. Som lita var forfattaren Gunnhild Øyehaug overtydd om at ho var Ivar Aasen reinkarnert. Ivar Aasen (1813-1896) er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen.
Overal beschikbaar
Luister naar Podimo op je telefoon, tablet, computer of auto!
Een universum van audio-entertainment
Duizenden luisterboeken en exclusieve podcasts
Geen advertenties
Verspil geen tijd met het luisteren naar reclameblokken wanneer je luistert naar de exclusieve shows van Podimo.
Start 14 dagen gratis proefperiode
Na de proefperiode € 6,99 / maand.Elk moment opzegbaar.
Exclusieve podcasts
Advertentievrij
Non-Podimo podcasts
Luisterboeken
20 uur aan / maand