
norsk
Barn og familie
99 kr / Måned etter prøveperioden.Avslutt når som helst.
Les mer Avdeling T
Velkomen til Avdeling T – ei hemmeleg avdeling i regjeringa, som berre statsministeren og få andre veit om. Ho jobbar for at bokverder ikkje kjem ut av kontroll. For det ingen veit, er at alt forfattarar skriv faktisk vert til verkelegheit. Av og til kan historiene bli rastlause og vil ut på eige eventyr, og då oppstår det ulike tåkefenomen. Då må Meister T, agentane hennar og forfattarane av bøkene rykkje ut for å ordne opp.Avdeling T er ein podkast for og med born produsert av Nynorsk kultursentrum.
Alien i klassen
Det er ingenting å gjere i Avdeling T. Alt er kjedeleg og Meister T synest det minner om eit anna tilfelle då alt var så bratt. Ho forklarar agentane kva det var – og brått skjer det noko! Avdeling T hamnar i eit klasserom der dei møter forfattar Vegard Markhus, og må hjelpe han med å rydde opp i UFO-kaoset og gjere bokverda stabil igjen. Klarar Avdeling T å løyse mysteriet før historia snurrar heilt ut av kontroll? Studio: Top of Mind AS.
Trollmoll på frifot
Medan stormen rasar ute pyntar Avdeling T til jul – heilt til eit gløymt tåkeglas dukkar opp i ei av kassene. Meister T og agentane får det travelt og hamnar fort i ei historie full av spenning, mystikk og eit skummelt trollmoll! Saman med forfattar Åshild Moldskred prøvar dei å hindre at det gamle og grufulle trollmollet slepp fri. Klarar Avdeling T å redde både historia og jula? Merk: Boka "Trollmoll" av Åshild Moldskred kan opplevast som skummel for nokre aldersgrupper. Studio: Top of Mind AS.
Julemysteriet i bygda til Klodeklubben
Avdeling T hamnar i bygda til Klodeklubben og oppdagar at reinsdyra har forsvunne rett før jolemarknaden. Saman med forfattar Ruth Lillegraven må agentane leite i snøen, fylgje spor og løyse eit ekte julemysterium. Kva lokkar Avdeling T ut i skogen – og kva har boss med saka å gjere? Studio: Top of Mind AS
I spora til Katten og Kråka
Når vêrmaskina hostar opp teikneseriebobler, skjønar Avdeling T at noko er heilt feil. Snart står dei i skogen til Katten og Kråka – med ein fortvila forfattar, Arild Torvund Olsen, og ei historie som har rota seg til. Draken er på feil plass og nokon må få orden i kaoset. Men klarer agentane å fikse historia før draken finn dei? Studio: Top of Mind AS. Makkekor: Songria.
Floke og ragnaroktrusselen
Eit mystisk uvêr førar agentane til Austlandet og rett inn i eit stort, grått og kaldt tåkefenomen. Midt i kaoset møter dei forfattar Ida Eva Neverdahl, som mistenkjer at Floke Skrufsson og andre skapningar frå bokverda kan ha kome gjennom tåka. Plutseleg er dei i ein båt, omgitt av Midgardsormen. Kva må dei gjere for å unngå at Ragnarok bryt laus?
Velg abonnementet ditt
Premium
20 timer lydbøker
Eksklusive podkaster
Gratis podkaster
Avslutt når som helst
Prøv gratis i 60 dager
Deretter 99 kr / måned
Premium Plus
100 timer lydbøker
Eksklusive podkaster
Gratis podkaster
Avslutt når som helst
Prøv gratis i 60 dager
Deretter 169 kr / måned
Prøv gratis i 60 dager. 99 kr / Måned etter prøveperioden. Avslutt når som helst.