Bok & bibliotek

Bok & bibliotek

Podkast av Bok & bibliotek

Bok & bibliotek er podkasten til tidsskriftet med same namn. Her tek vi opp alt som gjeld bibliotek – drift, teknologi, politikk, ideologi, forsking, ...

Prøv gratis i 14 dager

Etter prøveperioden kun 99,00 kr / Måned.Avslutt når som helst.

Prøv gratis

Alle episoder

39 Episoder
episode #38 Verdas beste Sarpsborg bibliotek artwork
#38 Verdas beste Sarpsborg bibliotek

Bli med til det nye biblioteket i Sarpsborg! I denne episoden gir biblioteksjef Anette Kure oss ei grundig omvising der – eller rettare sagt i det nye biblioteket som er bygd saman med deg gamle (som også har gjennomgått store oppgraderingar).  Etter opninga 12. november skreiv redaktøren i lokalavisa SA [https://www.sa.no/mest-av-alt-er-boker-goy/o/5-46-1736536#:~:text=Sarpsborg%20har%20fått%20et%20bibliotek,skriver%20ansvarlig%20redaktør%20Bernt%20Lyngstad.&text=Tirsdag%20åpnet%20offisielt%20Sarpsborgs%20nye%20bibliotek.] at «Biblioteket er ikke bygget for spesielle anledninger, det er bygget for å bli hardt og heftig brukt i folkeopplysningens og demokratiets tjeneste». Det biblioteksjef Anette Kure viser og fortel i denne episoden, tydar på at dei kjem til å lukkast med denne visjonen. Det opphavlege biblioteket i Sarpsborg blei tegna av Ove Bang og opna i 1942. Rodeo arkitekter og Plus Arkitektur har tegna den nye delen. Interiørløysinga er ved Scenario Interiørarkitekter. Utvidinga og oppgraderinga har hatt ei rame på 143,2 millioner kroner.

18. nov. 2024 - 58 min
episode #37 Intervju med Helene Voldner artwork
#37 Intervju med Helene Voldner

Helene Voldner saknar lånarane og galskapen på bibliotekgolvet, men synest elles at ho har fått eit draumeverv. Den nokså ferske leiaren i Norsk bibliotekforening dukka opp i begge dei førre episodane av podkasten, først som paneldeltakar og deretter som samtaleleiar. Men vi har eigentleg ikkje presentert Helene Voldner ordentleg for lesarar og lyttarar etter at ho tok over for Vidar Lund som leiar i Norsk bibliotekforening (NBF) rundt årsskiftet. Så difor inviterte redaktør Arne Olav Hageberg henne til ein samtale for å gje litt innsikt den nye kvardagen hennar. I samtalen kjem ho inn på galskapen på golvet i eit folkebibliotek, det viktige samarbeidet mellom ulike interesseorganisasjonar i litteratur- og kulturverda, utfordringar med å utvikla ein felles politikk for heile det breie og mangslungne bibliotekfeltet, og kor viktig det er med internasjonalt biblioteksamarbeid. Til slutt snakkar Helene Voldner om kvifor ho vil anbefala akkurat desse tre bøkene:  Astrid Lindgren: Brødene Løvehjerte [https://bibsok.no/?mode=vt&hpid=2925788&pubsok_txt_0=Br%C3%B8drene+L%C3%B8vehjerte&sortering=&pubsok_kval_0=&avgr_bn=&avgr_medier=&avgr_spraak=&aarfra=&aartil=] Eric Klinenberg: Palaces for the People [https://bibsok.no/?mode=vt&hpid=2921953&pubsok_txt_0=palaces+for+the+people&pubsok_kval_0=&avgr_bn=&avgr_medier=&avgr_spraak=&aarfra=&aartil=] Ocean Vuong: På jorda er vi glimtvis vakre [https://bibsok.no/?mode=vt&hpid=2930457&pubsok_txt_0=P%C3%A5+jorda+er+vi+glimtvis+vakre&sortering=&pubsok_kval_0=&avgr_bn=&avgr_medier=&avgr_spraak=&aarfra=&aartil=]

20. sep. 2024 - 37 min
episode #36 Lesing er beredskap artwork
#36 Lesing er beredskap

Bli med til Arendal bibliotek tysdag 13. august i år. Der inviterte Norsk bibliotekforening, Den norske Forleggerforening og Litteraturhuset i Oslo til arrangementet «Lesing er beredskap» [https://norskbibliotekforening.no/arendalsuka-2024-lesing-er-beredskap/] under Arendalsuka 2024.  Ei lesande og kjeldekritisk befolkning er grunnleggande for demokratiet og ein viktig del av Norges totalforsvar, skreiv arrangørane. Undersøkingar viser at vi er blitt dårlegare lesarar, og dårlegare til å forstå og vurdera innhaldet i lengre tekstar. Korleis skal vi stå imot påverknad frå falske nyhende og frie ytringar som feilinformerer? spurte arrangørane. Først får de høyre forfattaren Maja Lunde lesa innleiingskapittelet frå boka si Skjerm barna som kom ut tidlegare i år. Så kjem beredskapsforskar Paul Buvarp frå Forsvarets forskingsinstitutt og siterer mellom anna funn som viser at løgn på sosiale medium spreier seg fortare, breiare og djupare enn sanning.  Mot dette dystre bakteppet kjem så pånelet på scenen, med Sarah Sørheim frå Schibsted, Kjersti Løken Stavrum frå Stiftinga Tinnius, nyhenderedaktør Mads A. Andersen frå Dagbladet og Helene Voldner frå Norsk bibliotekforening. Utgåve 3-24 av Bok & bibliotek [https://bokogbibliotek.buyandread.com/next/reader.htm?pub=bokogbibliotek&date=20240913&back=hide&accessUrl=https%3A%2F%2Fbokogbibliotek.buyandread.com%2Fiframe%2Fread.htm%3Fpub%3D3215%26date%3D20240913&js_bar_token=UmLOMHNvT16LNAAUa9ZJcjClEJnDTfDz] inneheld forresten fleire saker som tematiserer dette med beredskap.  God lytting!

13. sep. 2024 - 57 min
episode #35 Mer bibliopasjon? Fra Arendalsuka 2024 artwork
#35 Mer bibliopasjon? Fra Arendalsuka 2024

Tysdag 13. august var den store bibliotekdagen under Arendalsuka 2024. Politikarar og bokbransjefolk kaptest om å framsnakka biblioteka. I denne episoden får du høyra eit av desse arrangementa. Kommunikasjonsbyået Corporate Communications sto saman med Norsk Bibliotekforening og Litteraturhuset i Oslo bak arrangementet «Vi elsker biblioteket! Men må temperaturen opp? Kan vi skape mer bibliopasjon fra flere!?!»  Medverkande: * Leiar av Stortinget sin Familie- og kulturkomite Grunde Almeland (V)  * Adele Matheson Mestad, direktør ved Norges institusjon for menneskerettigheter * Susanne Kaluza, leiar av Stiftelsen Litteraturhuset * Helene Voldner, leiar i Norsk Bibliotekforening * Merete Lie, bibliotekdirektør ved Deichman Programside for arrangementet «Vi elsker biblioteket! Men må temperaturen opp? Kan vi skape mer bibliopasjon fra flere!?!» [https://program.arendalsuka.no/event/user-view/25705]

14. aug. 2024 - 48 min
episode #34 John Chrastka: – Bibliotekarar blir truga med vald og fengsel artwork
#34 John Chrastka: – Bibliotekarar blir truga med vald og fengsel

I episode 34 av podkasten Bok & bibliotek gir vi ei innføring i situasjonen til amerikanske skulebibliotek og folkebibliotek – straight from the source.  Den siste tida har vi kunna lesa om amerikanske bibliotekarar som blir truga med fysisk vald og er redde for å hamna i fengsel for å ha «upassande» innhald i bokhyllene [https://abcnews.go.com/US/librarians-face-threats-lawsuits-jail-fears-ongoing-book/story?id=109081570]. For å forstå situasjonen betre har vi snakka med John Chrastka, som må vera ei av dei mest brennande eldsjelene USA har fostra når det kjem til engasjement for bibliotek og lesekultur. I 2012 forlet han ei trygg stilling som vervingsansvarleg i den amerikanske bibliotekforeininga American Library Association for å bygga ein ny organisasjon frå botn: EveryLibrary [https://www.everylibraryinstitute.org/]. Hovudmålet var å hjelpa lokale skulebibliotek og folkebibliotek til større tilskot og politisk gjennomslagskraft, og det har dei mange stadar lukkast med. Men slik som det politiske klimaet har utvikla seg har dei brukt meir og meir tid på å bistå bibliotektilsette og lokalsamfunn med å nedkjempa forsøk på å fjerna bøker frå bokhyllene. Og i det siste har dei òg måtta slåss mot lovforslag som vil opna for at bibliotekarar kan bli strafferettsleg forfølgde og bli fradømt jobben sin for å formidla pornografi til ungar berre om dei til dømes har Maja Kobabe grafiske roman Gender Queer på hylla.  Du kan gleda deg til ein svært så lærerik prat om finansieringssystemet til bibliotek og skular i USA, betydninga av politisk påverkingsarbeid, felles utfordingar rundt utlån av lydbøker og tap av papirbøker i skulevesenet, og – ikkje minst – den utsette situasjonen til bibliotekarar på andre sida av Atlanteren.  Opptaket blei gjort tysdag den 6. august 2024. Tre lesetips frå John Chrastka: ·      Amor Towles: En gentleman i Moskva [https://bibsok.no/?tnr=6538341] ·      Danielle Evans: The Office of Historical Corrections [https://www.amazon.com/Office-Historical-Corrections-Novella-Stories/dp/0593189450/ref=sr_1_1?crid=WMTHYJB0FX3Q&dib=eyJ2IjoiMSJ9._KlSGm4UO-ettkY9FMiuaxjS_pT3TW-cN0BaFXmdXwHE5F1MAaS-MQgs_-m-DrHIKa1L5WZSDi117IUaTTeZEbUn7-tqK-KRT8ThWkKq9p53RmodzLG6MThfgcS-bFntOLswLM_myq9cU30yLIhgP5EYHqfja-jSS5IN5Y2df7hP8QbUGHU9oPufHEq-m7hfZv6VZJhviwHwrfTFKCbcSOymxvtIlWBM-ww86n0bID4.MOgcTQI4AUPwxXJlUj_fSps50RVsZv2R3Jvx4ORzTWs&dib_tag=se&keywords=Danielle+evans&qid=1723016261&sprefix=danielle+evan%2Caps%2C195&sr=8-1] ·      Ronald J. Krotoszynski Jr.: Reclaiming the Petition Clause: Seditious Libel, "Offensive" Protest, and the Right to Petition the Government for a Redress of Grievances [https://www.amazon.com/Reclaiming-Petition-Clause-Government-Grievances/dp/0300149875/ref=sr_1_1?crid=174ZMAFJOP2IY&dib=eyJ2IjoiMSJ9.TP_HCCh7CFIAbg94k5exhA.24z83AJ9SQm5eFd7RTwlL0PYpaZysnPrMwcxAPze61Q&dib_tag=se&keywords=reclaiming+the+petition+clause&qid=1723016366&sprefix=reclaiming+the+pettition+clau%2Caps%2C244&sr=8-1]

07. aug. 2024 - 1 h 13 min
Enkelt å finne frem nye favoritter og lett å navigere seg gjennom innholdet i appen
Liker at det er både Podcaster (godt utvalg) og lydbøker i samme app, pluss at man kan holde Podcaster og lydbøker atskilt i biblioteket.
Bra app. Oversiktlig og ryddig. MYE bra innhold⭐️⭐️⭐️

Tilgjengelig overalt

Lytt til Podimo på telefonen, nettbrettet, datamaskinen eller i bilen!

Et univers av underholdning på lyd

Tusenvis av lydbøker og eksklusive podkaster

Ingen annonser

Ikke kast bort tid på å lytte til annonser når du lytter til Podimos innhold.

Prøv gratis i 14 dager

Etter prøveperioden kun 99,00 kr / Måned.Avslutt når som helst.

Eksklusive podkaster

Uten reklame

Gratis podkaster

Lydbøker

20 timer i måneden

Prøv gratis

Andre eksklusive podkaster

Populære lydbøker