For folk og natur
Podkast av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Denne podkasten er gratis å lytte på alle podkastspillere og i Podimo-appen uten abonnement.
Alle episoder
13 EpisoderStatsforvaltaren skal passe på at både barn og vaksne kjenner til barnerettane og Barnekonvensjonen. Når vaksne skal bestemme noko som har med barn å gjere, skal dei tenke på kva som er best for barna. Dei skal spørje barn, eller gi moglegheit for at barn får seie noko om saka. Vi ser at barn og unge si stemme ikkje blir tydeleg nok når vaksne diskuterer og bestemmer i viktige saker som handlar om barn. Les også vår kronikk om temaet: Vaksne skal gjere det som er best for barn! | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no) [nn/More-og-Romsdal/Barn-og-foreldre/vaksne-skal-gjere-det-som-er-best-for-barn/] Vi snakkar om Barnets beste i denne utgåva av podkasten «For folk og natur». Med i podkasten er seniorrådgivar Gunn Risan Nakken og statsforvaltar Else-May Botten. Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden, og Lena Skattum Sandvik er produsent og programleiar.
Noreg er eit av landa i Europa med størst variasjon av våtmarker. Våtmarkene er viktige både for biologisk mangfald, karbonlagring og klimatilpassing. Likevel er våtmarkene nokre av dei mest trua naturtypane vi har. Ofte er det fordi vi menneske vil bruke dem til noko – og derfor øydelegg vi dei. For eksempel drenerer vi myr. Men – det går an å restaurere våtmark – og få den til å bli frisk att. Det vil FN og Miljødirektoratet at vi skal gjere. Dei har dette som særleg satsing dette tiåret. Direktoratet finansierer restaureringa. Les meir: Restaurering av våtmark | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no) [EPiServer/CMS/Content/nn/More-og-Romsdal/Miljo-og-klima/restaurering-av-vatmark,,28892/?epieditmode=False] Å restaurere våtmark snakkar vi om i denne utgaven av podkasten «For folk og natur». Med i podkasten er Pernille Stordal Rønning og Solveig Silset Berg, rådgivarar i miljøvernavdelinga til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Lars Levende Jakobsen har ansvaret for lyden, og Lena Skattum Sandvik er produsent og programleiar. Denne episoden vart publisert 22.06.2023. For folk og natur Les meir om podkasten «For folk og natur» her … [EPiServer/CMS/Content/nn/More-og-Romsdal/Om-oss/Presserom/ny-podkast-fra-statsforvaltaren,,320261/?epieditmode=False] Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.
Tømmeret vi tar ut fra skogen gir inntekter og sysselsetter. Samtidig skal vi ta vare på naturen og det yrande livet i skogen. Skogen gir oss oksygen og lagrar karbon. Statsforvalteren i Møre og Romsdal har i oppdrag å forvalte skogen. Veit du kvifor vi er mest opptatt av å hente ut grantømmer frå skogane i Møre og Romsdal? Og at vi faktisk har regnskog i fylket som bør få stå heilt i fred? Drift og vern av skog er det vi snakker om i denne utgaven av «For folk og natur». Med i podkasten er statsforvaltar Else-May Norderhus, fylkesskogmeister Åsmund Asper og rådgiver Hege Steigedal. Kommunikasjonsrådgivar Lena Skattum Sandvik er produsent og leiar programmet. Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden. Denne episoden vart publisert 09.05.2023. For folk og natur Les meir om podkasten «For folk og natur» her … [EPiServer/CMS/Content/nn/More-og-Romsdal/Om-oss/Presserom/ny-podkast-fra-statsforvaltaren,,320261/?epieditmode=False] Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.
Skolen pliktar å sørge for at elevar har det trygt og godt på skolen. Dei skal følgje med, gripe inn om det er nødvendig, varsle det dei ser, undersøke sakene og sette inn tiltak. Om skolen ikkje gjer nok, kan eleven eller foresette klage saka inn til Statsforvaltaren. Då tar det få dagar før rektor og foreldre får ein telefon. Om du som lytter er i ein situasjon der skolen ikkje har gjort nok i ein skolemiljøsak, kan du ta kontakt med oss hos Statsforvaltaren. Bruk gjerne skjemaet som du finn på våre nettsider. [https://www.statsforvalteren.no/nn/More-og-Romsdal/Barnehage-og-opplaring/Ein-trygg-skuledag-utan-mobbing/] Med i programmet er rådgivarane Einar Hernborg og Kristin Sundsbø, som arbeider med skolemiljøsaker hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Kommunikasjonsrådgivar Lena Skattum Sandvik er produsent og leiar programmet. Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden.
Demenssykdom rammer mange i Norge. Flere kaller situasjonen som en stille krise i samfunnet, og regjeringen skriver på sine nettsider at demens er en av de største globale utfordringene verden står overfor. I denne podkasten snakker vi om demens – og ser at det faktisk er relativt enkle grep du og jeg kan ta, for å forebygge sykdommen.
Tilgjengelig overalt
Lytt til Podimo på telefonen, nettbrettet, datamaskinen eller i bilen!
Et univers av underholdning på lyd
Tusenvis av lydbøker og eksklusive podkaster
Ingen annonser
Ikke kast bort tid på å lytte til annonser når du lytter til Podimos innhold.