Kaffi & Kringle

Kaffi & Kringle

Podkast av Firdaposten

I denne podkasten serverer Karen kaffi & kringle til spennande og handplukka gjestar. Men det er ikkje det einaste som blir servert. Her får du gode h...

Prøv gratis i 14 dager

Etter prøveperioden kun 99,00 kr / Måned.Avslutt når som helst.

Prøv gratis

Alle episoder

10 Episoder
episode Kaffi & kringle med Karen og Christian Hope artwork
Kaffi & kringle med Karen og Christian Hope

Christian har ei mor frå Cuba og ein far frå Hyen. Kulturforskjellane var store frå Havanna til vesle Hope. Vi måtte snakke meir om korleis det gjekk til, og korleis det har påverka han til å bli den han er. Sesongens siste gjest fekk servert pappakringle medan vi prata oss gjennom mykje rart. Christian har reist mykje, og drøymer om å vere alle stader på same tid. 1. august i fjor slapp han det han hadde i hendene og kjøpte einvegsbillett til Australia. Det baud på mogelegheiter til å jobbe med blant anna P!nk, Paul McCartney og på bananfarm. Variasjonen var stor. Det er juni, og vi fekk også kasta ut litt tankar om både pride, foreldregenerasjonen og diskriminering. Kvifor er Våt Moro dugnadsbornet til Christian, kva skjedde med nettstaden "Saftig Sladder" og har han dansa på nasjonal TV? Det - og mykje meir får du svar på i sesongavslutninga av Kaffi & kringle.  See omnystudio.com/listener [https://omnystudio.com/listener] for privacy information.

19. juni 2024 - 1 h 39 min
episode Kaffi & kringle med Karen og Fredrik Helland artwork
Kaffi & kringle med Karen og Fredrik Helland

Dagens gjest er vand med å snakke i mikrofonen. Han er stemma til heile Sogn og Fjordane kvar morgon, og det måtte vi sjølvsagt snakke om. Får han ikkje prestasjonsangst av å snakke til så mange på direkten, og kva er den største tabba? Fredrik er ein fyr som driver med mykje greier. Han er alt for ung til å elske sild, men gjer det uansett. Som ein del av sildekomiteen sørga han for at det blir Himmel & hav-helg i Florø i år også. Han har blant anna vore festivalsjef for Våt Moro, var med å stifta Stimen, satt i styret til Kinn Kyrkjelege fellesråd, var politisk aktiv som ungdomsordførar og hadde ein stol i bystyret, dreiv podd med Firdaposten, farta rundt som russepresident og var ein lovande fotballdommar – ja you name it kva han er innom. Karen fekk grave litt i kva som driv nokon til så mykje dugnad og så mange timar for fellesskapet. 22. juli 2011 var Fredrik 21 år og i førstegongstenesta. Då bomba gjekk av i regjeringskvartalet fekk han ei heilt spesiell rolle. Opplevingane den dagen sit nok i endå, og det fekk vi også snakka litt om i dagens servering av kaffi og kringle. See omnystudio.com/listener [https://omnystudio.com/listener] for privacy information.

06. juni 2024 - 1 h 5 min
episode Kaffi & kringle med Karen og Madelen Hopen artwork
Kaffi & kringle med Karen og Madelen Hopen

I vekas episode er Madelen Hopen innom studio for litt kaffi og kringle. Madelen er heilt sjef. Både heime, på jobb og på trening. I dinna episoden prøvde Karen å finne ut om ho har fleire tima i døgnet enn ho sjølv. For 2,5 år sida hoppa ho frå ei sjukepleiar stilling til å styre skuta på spenst. Vi fekk snakka om ups and downs med å vere dagleg leiar i ein svingande bransje. Ho sit ikkje stille, og har satt seg nokre spennande og hårete mål for året. Ironman som det største. Madelen skal svømme 3800 meter, sykle 180 kilometer og avslutte det heile med eit maraton på 42,2 kilometer. Kor dukkar desse måla opp - og kva gjer ein for å forberede seg? Spesielt når ein ikkje har svømt eller sykla mykje før. Har ho angra på prosjektet? Madelen er ein type som søker det litt ekstreme, og tar for eksempel 1000 burpees kvar nyttår. Då gjer det ingenting at ho måtte ta svømmeøkt i sjøen sjølvaste 17. mai. I episoden fekk vi også snakka om korleis ein held seg til treningsmåla sine, kva ho synger høgt når ho trenar aleine, og Madelen måtte svare ut nokre vanskelege dilemma. See omnystudio.com/listener [https://omnystudio.com/listener] for privacy information.

22. mai 2024 - 1 h 0 min
episode Kaffi & kringle med Karen og Dag Henrik Nygård artwork
Kaffi & kringle med Karen og Dag Henrik Nygård

Dag Henrik er den nyaste gjesten i podcasten til Karen. Han er utdanna jurist, og har ein veldig vaksen-jobb som kyrkjeverje i kommunen. Men det er overhode ikkje alt denne eineståande fyren driver med. I episoden fekk vi snakka om å ta juristutdanninga med dysleksi, og gå ut av vidaregåande med 16 seksarar. Kva er eigentleg nordisk råd - og kvifor har han vore interessert i det sidan han var liten? Det får vi svar på i episoden. Vi får og høyre meir om korleis det ser ut heime hos han - og løyser sentrale lokalpolitiske utfordringar.  Dag Henrik syns engelsk var vanskelig. Som er rart i seg sjøl, fordi språkøyret hans er eit av dei sjeldne. Men for å utfordre seg sjøl skreiv han masteroppgava på både engelsk og afrikansk. Han lærte seg tysk med å se på Derrick, og trur at grunnen til at han lærer seg alle språka i landa han besøker, er så han slepp å snakke engelsk.  See omnystudio.com/listener [https://omnystudio.com/listener] for privacy information.

08. mai 2024 - 1 h 9 min
episode Kaffi & kringle med Karen, Christer Husa og Kristoffer Ryland artwork
Kaffi & kringle med Karen, Christer Husa og Kristoffer Ryland

Christer og Kristoffer er to legender i Florø Fotball. Dei har begge vakse opp med fotball i Botnaholten, og kanskje det har vore grunnen til at dei begge blei så gode. No har dei takka ja til eit år som trenarar for det unge A-laget til Florø. I denne episoden får du høyre meir om kva som trigga dei til å sei ja. Korleis skal dei snu den negative trenden?  Karen djupdykk litt i kva fotballen har betydd for dei, og kva som har våre høgde- og lågpunkta i karrieren. Episoden gir også svar på kva som eigentleg skjedde med førstegongstenesta til Christer og om Kristoffer fortsatt får mange parkeringsbøter.  See omnystudio.com/listener [https://omnystudio.com/listener] for privacy information.

25. apr. 2024 - 1 h 3 min
Enkelt å finne frem nye favoritter og lett å navigere seg gjennom innholdet i appen
Liker at det er både Podcaster (godt utvalg) og lydbøker i samme app, pluss at man kan holde Podcaster og lydbøker atskilt i biblioteket.
Bra app. Oversiktlig og ryddig. MYE bra innhold⭐️⭐️⭐️

Tilgjengelig overalt

Lytt til Podimo på telefonen, nettbrettet, datamaskinen eller i bilen!

Et univers av underholdning på lyd

Tusenvis av lydbøker og eksklusive podkaster

Ingen annonser

Ikke kast bort tid på å lytte til annonser når du lytter til Podimos innhold.

Prøv gratis i 14 dager

Etter prøveperioden kun 99,00 kr / Måned.Avslutt når som helst.

Eksklusive podkaster

Uten reklame

Gratis podkaster

Lydbøker

20 timer i måneden

Prøv gratis

Andre eksklusive podkaster

Populære lydbøker