Mellom bakkar og berg
Gratis Podkast

Mellom bakkar og berg

Podkast av Ein vassekte strilapødkast

Prøv gratis
Mellom bakkar og berg er ein vassekte strilapødkast for både bymann og stril. Me set dialekta og nynorsken i førarsetet, og hevar fana for tema som kystkultur, litteratur, historie og humor. Gjennom å få lokale ildsjeler til å fortelja ynskjer me å få fram gode historiar og stubbar frå livet på Vestlandet. Podkastvertane er Harald Gunnarsen og Kenneth Sangolt, to glade kanaljar frå Sund på Søre Sotra. 

Denne podkasten er gratis å lytte på alle podkastspillere og i Podimo-appen uten abonnement.

Alle episoder

5 Episoder
episode 05: Assortert tyleskap med Jens Brekke (Sognaspesial) artwork
05: Assortert tyleskap med Jens Brekke (Sognaspesial)

Om folk, fe og forteljarkunst i fjordafylket. Mellom bakkar og berg tek konsekvensane av regionreforma, og reiser til Vik i Sogn for å treffe forfattar, lærar, bussjåfør og gammlalostentusiast Jens Brekke. Vi får servert historier frå Illustrert Tyleskap, som Brekke har gitt ut kvart år sidan 1996, og blir nærare kjend med Vik og våre nye samfylkingar. Jens er eit oppkomme av gode historier og smittande engasjement for munnleg forteljarkunst, og er den perfekte guide til fjordafylket for Mellom bakkar og berg-lyttarar. Den 19. aorgangen av Illustrert Tyleskap kjem ut i november, med tyleskap ved Jens Brekke og illustrasjonar av Ola Bremnes. Skaff deg eit eksemplar: ring Heimastølen Forlag på tlf. +47 915 25 682

17. nov. 2019 - 1 h 21 min
episode 04: Bokdrøs og fyrstekake – ein samtale med Runar Dahle artwork
04: Bokdrøs og fyrstekake – ein samtale med Runar Dahle

Mellom bakkar og berg inviterer forfattar Runar Dahle heim på ein kaffitår og ein skvett øl. Me set fram bakverk av beste sort på bordet i bestastøvo og høyrer han lese frå den siste boka si, "Forskjellen på blomster og ugras" (2017). Runar har vakse opp i Austrheim, og debuterte som forfattar på Gyldendal forlag i 2010. Som i hans eiga dikting, byr episoden på rikhaldige digresjonar om sjauing på Mongstad, skriveprosessen og ei dramatisk ulukke i England. Har me deg no, Runar Dahle?

05. juni 2019 - 1 h 9 min
episode Episode 03: Kulturhus og kongemakt i Fusa artwork
Episode 03: Kulturhus og kongemakt i Fusa

Ein samtale med Morten Holmefjord, Svein Arne Myhren og Magni Rosvold Mellom bakkar og berg har reist til Fusa, ein times køyring frå Bergen, for å snakke med kunstnar, journalist og tidlegare monark Morten Holmefjord. Saman med folkemusikar Magni Rosvold og etnolog Svein Arne Myhren testar vi akustikken i det som kan bli eit nytt kulturhus i den gamle margarinfabrikken ved kommunesenteret Eikelandsosen. Morten Holmefjord er kanskje mest kjend som visekonge over «kongedømet Fusa» (2003-2005), som vart oppretta som del av eit kunstprosjekt. I episoden får vi høyre meir om historia til kongedømet, og diskuterer hans tid som «Fusakongen». Det blir vidare friske diskusjonar om strilamål og dialekt, motmakt og lokal identitet i kommunen «bak Os». Musikk: Vår i Våkefjell av Knut Eide, framført av Magni Rosvold Sørgjegangaren etter spelehansen av Hans Bjørndal, framført av Magni Rosvold Mellomspelmusikk ved Kven MacLoead: Pippin the Hunchback Kevin MacLeod (incompetech.com) Licensed under Creative Commons: By Attribution 3.0 License http://creativecommons.org/licenses/by/3.0/

09. des. 2018 - 53 min
episode Episode 02: Sverre Sangolt artwork
Episode 02: Sverre Sangolt

Sverre Sangolt frå Skogsvåg i Sund kommune fortel historiar og syng. Me høyrer om kvalfangst i Skogsvåg, draumen om Amerika, rettsak om storfangsten av sild i 1913, innføring av fiskemåltid i kommunestyret i ein kystkommune, Nei til EF-kamp i 1972, strandsonelova og naust. Heilt til slutt, dikt om lensmannen som tok gadne til ein 88-åring. Del 1 av 2. Mellomspelmusikk frå Bensound.com.

01. aug. 2018 - 40 min
episode Episode 01: (Pilot) Mellom bakkar og berg, vassekte strilapødcast artwork
Episode 01: (Pilot) Mellom bakkar og berg, vassekte strilapødcast

Ein vassekte strilapødcast.

11. apr. 2018 - 12 min
Enkelt å finne frem nye favoritter og lett å navigere seg gjennom innholdet i appen
Liker at det er både Podcaster (godt utvalg) og lydbøker i samme app, pluss at man kan holde Podcaster og lydbøker atskilt i biblioteket.
Bra app. Oversiktlig og ryddig. MYE bra innhold⭐️⭐️⭐️

Tilgjengelig overalt

Lytt til Podimo på telefonen, nettbrettet, datamaskinen eller i bilen!

Et univers av underholdning på lyd

Tusenvis av lydbøker og eksklusive podkaster

Ingen annonser

Ikke kast bort tid på å lytte til annonser når du lytter til Podimos innhold.

Ditt tilbud:

Ubegrenset tilgang til eksklusive podkaster
Ingen annonser
20 timer lydbøker i måneden
Etter prøveperioden kun 99,00 kr / Måned. Ingen binding.

Andre eksklusive podkaster

Populære lydbøker