På ekta - Ryfylkepuls
Podkast av Tor Øyvind Skeiseid
Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfe...
Prøv gratis i 14 dager
Etter prøveperioden kun 99,00 kr / Måned.Avslutt når som helst.
Alle episoder
12 EpisoderHan har tatt eliteserien med storm og fått legendestatus i Fredrikstad på rekordtid. Morten Bjørlo (29) var som barn meir interessert i å byggja sandslott enn å spela fotball på grusbanen på Jørpeland. Nå dominerer han på høgaste nasjonale nivå, har fått sin eigen supportersong og er sjefshumorist i garderoben. Kva var det som gjorde at alt «orna sæ i Fredrikstad?». I På ekta drar me til nettopp Fredrikstad og møter Ryfylke sin store fotballson, Morten Bjørlo. Og godorda og sidesparka haglar frå både supporterar, medspelarar og trenar. Heime på Jørpeland drøymer naboen om å reisa til utlandet for å sjå Morten i ein topp europeisk liga. På ekta byr på stemning både på og utanfor bane og tribune med målkongen Morten Bjørlo.
Ho har tatt over familiebedrifta, som mor og far har drive i årevis. Maren Fossaa Viga (32) er nå sjef for Mikals Laks i Hjelmeland, bedrifta som er norsk meister i røykelaks. Nå skal Maren styra over ein storkjefta far og ei strukturert mor, som har bygd opp merket King Mikal Salmon til ein landskjendis. Men, det blir ikkje noko Queen Maren Salmon. Kongstanken får den høgrøysta faren ta seg av. Høglydt er det forresten ofte i familiebedrifta. For når Maren og faren går i diskusjon går desibelen opp. Møt Maren, som i ungdomen var tydeleg på at verken Mikals Laks eller Hjelmeland var framtida for henne. Nå flyttar ho altså heim for å driva familiebedrifta …
Ungdomen i Ryfylke leverer. Både med kunnskap, entusiasme, sjarme og spenning. Bli med bak kulissane i Ryfylkequizen for åttande klasse i mai. Møt ungdom frå heile Ryfylke før, under og etter den store TV-sende finalen. Nervar i høgspenn, opp- og nedturar og eit vinnarlag frå Finnøy som klinka til med rekord. Iskander, Alexandra og Daniel klarte faktisk alt rett, noko som gjorde læraren både stolt og rørt. Og dagen etter var det fest for alle i åttande trinn på Finnøy skule, med storfint besøk. Og vinnarane meiner sjølv det er viktig å læra meir om Ryfylke. Men, freistar Ryfylke i framtida?
Han er tidleg oppe for å vekka både kalvar, kyr og familien. Og han nyttar dagen til det fulle, også til heftige diskusjonar. Ikkje minst gjeld det kommunesamanslåing for hans kjære Forsand, som han har jobba mot. Men, korleis er det eigentleg å stå i stormen i ei så heftig sak? Og er det ikkje på tide å gje seg? I denne episoden av “På ekta” blir me kjent med gardbrukaren Rolf Magne Haukalid frå Forsand. Det blir store stutar, tidleg familiefrukost, klartenkte ungar og galopperande naboskap. Og me får også ei ærleg historie om familie- og arbeidslivet som måtte justerast då kona Mona blei alvorleg sjuk.
Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre. Gjer deg klar for joggetur. Ja visst er «På Ekta» med joggesko på denne gongen. Me har prøvd å halda følgje med Therese Neverdahl Nordbø (35) frå Tau. Ho har første joggetur klokka fem kvar morgon. Og neste økt er på ettermiddagen. Kvar dag! Snakk om overskot. I tillegg har ho full jobb. Men, kva driv ein ung, entusiastisk, arbeidsam ultraløpar til å koma seg opp, ut og i gang?
Tilgjengelig overalt
Lytt til Podimo på telefonen, nettbrettet, datamaskinen eller i bilen!
Et univers av underholdning på lyd
Tusenvis av lydbøker og eksklusive podkaster
Ingen annonser
Ikke kast bort tid på å lytte til annonser når du lytter til Podimos innhold.
Prøv gratis i 14 dager
Etter prøveperioden kun 99,00 kr / Måned.Avslutt når som helst.
Eksklusive podkaster
Uten reklame
Gratis podkaster
Lydbøker
20 timer i måneden