Privat praksis med psykolog Stokken og lektor Lid
Podkast av Kristina Stokken
Denne podkasten er gratis å lytte på alle podkastspillere og i Podimo-appen uten abonnement.
Alle episoder
17 EpisoderTora Ytterland Silseth med diktbok om fødsel, psykose, angst, depresjon og alkoholmisbruk by Kristina Stokken
I denne episoden møter du Torben Dyhr-Nielsen, som òg er Cathrine Dyhr-Nielsen. Torben er transperson, og deler si erfaring med dette både privat, i jobbsamanheng og offentleg på sosiale medium. Han deler òg noko om det å ha bipolar liding. Torben jobbar i NAV, med blant anna inkludering og mangfald i arbeidslivet. Han har òg nyleg starta eit foretak der han jobbar som foredragshaldar. Der brukar han seg sjølv og si historie for å inspirera fleire til å jobba for mangfald på arbeidsplassen. Høyr episoden og få tips til korleis du kan bidra til meir inkludering og mangfald. Det har vist å lønna seg! Du finn Torben/Cathrine på LinkedIn! Du finn meg på: Instagram: @psykologstokken Facebook: Psykolog Stokken LinkedIn: Kristina Stokken www.psykologstokken.no
I denne episoden snakkar eg om korleis det går med meg. Me er innom oppbygginga av både det å jobba for meg sjølv og helsa mi. Eg deler om min første time på DPS, som var i slutten av august. Det gjekk ikkje heilt som eg hadde håpa på. Me snakkar om motivasjon, spørsmål om eg er på rett plass og det å vera her og no. Eg har òg byrja å få hjelp av ein mentor innan marknadsføring og merkevarebygging. Dette gjer at eg føler meg mindre aleine rundt idéar, val og kva som er lurt å gjera. Høyr episoden, og gje meg gjerne ei tilbakemelding om kva du synes. Du finn meg på Instagram: @psykologstokken Facebook: Psykolog Stokken LinkedIn: Kristina Stokken www.psykologstokken.no
I denne episoden er Linn Therese Solheim gjest. Ho fortel ope om sin eigen erfaring og oppleving av det å vera utbrent. Ho deler om korleis ho hadde det og kva ho har gjort for å få det betre. Ho snakkar om kva ho har lært og kva ho gjer for å ungå å bli utbrent på nytt. Me snakkar òg om kva som kan vera grunnar til utbrentheit, kva symptom du kan få og kva som kan hjelpa. Linn Therese fortel om jobben ho no gjer for å spreia kunnskap for å å hjelpa andre å unngå utbrentheit og coaching-bedrifta ho har starta for å hjelpa deg som er utbrent. Du finn Linn Therese på Instagram under namnet @linnyslivsstil. Treng du hjelp kan du kontakta meg på tlf. 97629092 eller bestilla time på www.psykologstokken.no. Følg meg gjerne på: Instagram (@psykologstokken) Facebook (Psykolog Stokken) Linkedin (Kristina Stokken)
Roger Birkelund, eigar av Vestland villaservice, er gjest i denne episoden. Me snakkar om korleis arbeida med visjon og verdiar for bedrifta. Roger fortel om familieverdiar og korleis han prøver å tilrettelegga for seg sjølv og dei tilsette, så dei kan kombinera jobb med familieliv. Lars Sveinung synes det heile minna han om Kardemomme by, og gav Roger eit nytt kallenamn i løpet av innspelinga: Politimester Bastian.
Tilgjengelig overalt
Lytt til Podimo på telefonen, nettbrettet, datamaskinen eller i bilen!
Et univers av underholdning på lyd
Tusenvis av lydbøker og eksklusive podkaster
Ingen annonser
Ikke kast bort tid på å lytte til annonser når du lytter til Podimos innhold.