Tekstpod
Podcast by Tekstallianse
Tekstallianse sin podcast fra det uavhengige litteraturfeltet på Vestlandet.
Start 7 days free trial
After trial, only 79,00 kr. / month.Cancel anytime.
All episodes
15 episodesSeksuell trakassering i bokbransjen: No kan ein berre halde på, utan sanksjonar, skreiv Agnes Ravatn i Aftenposten i 2020. På Litteratursymposiet i Odda med temaet ATTRÅ, inviterer Tekstallianse til ein samtale som skal utforske formelle og subjektivt opplevde grenser mellom overgrep, seksuell trakassering, vulgaritet og flørt, og reaksjonar på dette. Forfattar og forleggar Nils-Øivind Haagensen skriv i si nye bok Sangria i parken [https://oktober.no/sangria-i-parken] om dynamikken innad i guttegjengen, om den ofte stilltiande aksepten menn i mellom når det kjem til korleis dei ser på, snakkar om og behandlar kvinner, og om kva som skjer når nokon seier frå om noko som ikkje er greit. Psykolog Fanny Duckert gjev i haust ut Flørt! [https://www.gyldendal.no/sakprosa/helse-kropp-og-sinn/floert/p-832579-no/?fbclid=IwAR3qVQ17cx2_-t1P8rNdUGqVChmHZQh9j2c34dqz1iszTYDmwrJNxrKNEks] Om blikk, berøring og øyeblikkets kjemi saman med filosof Øyvind Kvalnes. I ein artikkel om boka [https://www.bi.no/forskning/business-review/articles/2018/01/fanfare-for-florten/]har dei skrive at avsløringene av vulgær og uakseptabel seksuell adferd må ikke få oss til å skru av sjarmen. Journalist Jens Kihl spurde for eit par år sidan i ein artikkel i Bergens Tidende med overskrifta Er det berre eg som er prippen? [https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/On5g5b/er-det-berre-eg-som-er-prippen] om det trengs eit metoo-oppgjer for homofile. Han avsluttar kommentaren med at svaret på spørsmålet er nei. Men eg krev å få setje grensene mine sjølv. Med utgangspunkt i eigne bøker, vil Nils-Øivind Haagensen og Fanny Duckert i samtale med Jens Kihl freiste synleggjere og diskutere nokre vurderingar vi står overfor i møte med desse tema, og korleis grensene i private og profesjonelle relasjonar vert prega av individuelle og sosiale forhold. Tekstallianse er eit regionalt nettverk for litteraturfeltet på Vestlandet som det siste året har engasjert seg i arbeidet knytt til #metoo i bokbransjen. Ein samla bransje gjennomførte i vinter ei kartlegging i feltet, og det vert arbeidd med å etablere felles rutinar og ei varslingsteneste for seksuell trakassering. Tekstallianse tok initiativ til oppropet #ikkjeetterboka.
Tekstallianse på Jorddøgn 2021 Kven er vestlendingen i nasjonale auge? Og korleis blir Vestlandet representert i nasjonale media? Har den vestnorske kulturen nasjonal gjennomslagskraft? Er me meir enn olje og industri, dialektrøkting, verneverdig kultur og nasjonalparkar? Tre bladfykar som alle har kome ”heim” etter å ha verka utanfor regionen, gir si analyse av situasjonen og av korleis det er å skriva frå vestlandsregionen. Med Jan Zahl (Stavanger Aftenblad), Jens Kihl (Bergens Tidende) og Bothild Åslaugsdotter Nordsletten (Bondevennen). Ordstyrar: Hilde Sandvik (frå P2-programmet «Norsken, svensken og dansken”, og redaktør av nettsida broen.xyz)
Tekstallianse på Jorddøgn 2021 Ein samtale mellom Lars Ove Seljestad og Peter Strassegger om korleis industriarbeidaren og jordbrukaren blir representert i norsk litteratur. Ligg det ein konflikt, eller motstand, mellom industriarbeidaren og bonden? Og kven av dei har fått lov til å representera den vestlandske litteraturen? Lars Ove Seljestad er leiar av arbeidarlitteraturfestivalen Jernrosa i Odda, og Peter Strassegger er eldsjela bak Jorddøgn-festivalen på Bryne. Samtalen blir leia av forfattar Siri Kvamme.
Mange tidsskrifter står overfor vanskelige avveininger mellom digitalt format og papirutgaver, med hver sine kvaliteter og muligheter. Hvordan påvirker formatvalg vilkårene for distribusjon i den kritiske offentligheten? Hvilke muligheter og vansker ligger i distribusjon av henholdsvis fysisk og digitalt innhold? Janne Wass, sjefsredaktør i finlandssvenske Ny Tid (Helsinki/Helsingfors) møter Ola Innset, påtroppende redaktør for Vinduet.no (Oslo) til samtale om disse problemstillingene. Moderator er Hilde Sandvik, programleder for det skandinaviske talkshowet Norsken, svensken og dansken. Nå ut, nå fram, nå inn [Reaching Out, To and In] er et nordisk nettverk som drives av Kritiklabbet (SE), Kritikbyrån (FI) og Tekstallmenningen (NO) med støtte fra det nordisk-baltiske mobilitetsprogrammet for kultur og med ytterligere tilskudd fra Norsk-finsk kulturfond og Bergen kommune. Tekstallianse (NO) er samarbeidspartner i Bergen. Gjennom seminarer og publikasjoner undersøkes hva distribusjon av kunst og samtaler om kunst i den nye offentligheten kan innebære i dag i en nordisk kontekst. Hvordan når kunsten ut, og hvordan når den fram? Og kanskje viktigst av alt: hvordan når den inn?
I disse dager feirer Tekstallmenningen sin momsregistrering og første innleverte mva-oppgave. Snart kommer det momsrefusjon på kontoen. ..men mange syns moms er komplisert, og skulle helst være foruten. Er det en god strategi? Har man egentlig noe valg? Hvordan gjør man det? I Tekstpod forsøker sjefskulturøkonom i Bergen, Kristoffer Gjerdevik Vinje Vassdal, i samtale med Inga Moen Danielsen, daglig leder i Tekstallianse, å forklare fenomenet moms med fokus på tidsskrift og småforlag.
Available everywhere
Listen to Podimo on your phone, tablet, computer or car!
A universe of audio entertainment
Thousands of audiobooks and exclusive podcasts
No ads
Don't waste time listening to ad breaks when listening to Podimo's content.
Start 7 days free trial
After trial, only 79,00 kr. / month.Cancel anytime.
Exclusive podcasts
Ad free
Non-Podimo podcasts
Audiobooks
20 hours / month