
Kostenlos testen für 30 Tage
4,99 € / Monat nach der Testphase.Jederzeit kündbar.
Alle Folgen
283 Folgen
Etter ei lengre tid med stans av Radio Nordvest sine sendingar til Molde og elles deler av Romsdalen på grunn av diverse utfordringar, er vi no glade for at Radio Nordvest på nytt er på lufta i Molderegionen og delar av Romsdalen frå i sommar av. Høyr her regionleiar Jon Ove Holen informere litt om dette. Jon Ove Holen begynner dessutan i ny stilling som rektor ved Vestborg Vidaregåande skule frå 1. september av. Høyr han her sjølv informere også om det. Radio Nordvest på lufta igjen i Molde og omegn [http://radionordvest.no/sider/radio-nordvest-pa-lufta-igjen-i-molde-og-omegn/1554/]

I denne tida vil Radio Nordvest streame pTro, vår samarbeidsradio, som også er ein del av Misjonssambandet sitt arbeid. Høyr meir om feriemodusen her. Vi ønsker dykk alle ein God Sommar og God Ferie! Radio Nordvest vil vere i feriemodus fram til midten av august [http://radionordvest.no/sider/radio-nordvest-vil-vere-i-feriemodus-fram-til-midten-av-august/1553/]

Søndag 19. juni var det forbønnshandling for Ane og Anders Myklebust med familie i Sykkylven Bedehus. Her kan du høyre talen Thor Fremmergård heldt på denne festen. Thor Fremmergård er representant for Hovudstyret til Misjonssambandet og lærar ved Fjellheim Bibelskule i Tromsø Tale ved Thor Fremmergård Sykkylven Bedehus søndag 19. juni [http://radionordvest.no/sider/tale-ved-thor-fremmergard-sykkylven-bedehus-sondag-19-juni/1552/]

Ane og Anders Myklebust med familie drar til Kenya som nye utsendingar for Misjonssambandet. Søndag 19. juni kl. 11.00 i Sykkylven bedehus blir det høgtideleg forbønnshandling for denne familia med to representantar med frå Misjonssambandet sitt hovudstyre: Thor Fremmergård og Robert Mulelid. Også regionleiar for Øst-Afrika Lamessa Endalew og regionleiar for Region Nordvest Jon Ove Holen blir med. Høyr her intervju med Ane og Anders Myklebust. Forbønnshandling i Sykkylven bedehus søndag 19. juni for familia Ane og Anders Myklebust [http://radionordvest.no/sider/forbonnshandling-i-sykkylven-bedehus-sondag-19-juni-for-familia-ane-og-anders-myklebust/1551/]

Her kan du høyre del 3 og 4 av intervjuet med Berit og Oddvar Vold som har vore misjonærar både i Etiopia og Kenya. Opptaket blei gjort i oktober 2021. Intervju med misjonærparet Berit og Oddvar Vold ved Magne Arild Torgersen, del 3 og 4 [http://radionordvest.no/sider/intervju-med-misjonaerparet-berit-og-oddvar-vold-ved-magne-arild-torgersen-del-3-og-4/1549/]
Kostenlos testen für 30 Tage
4,99 € / Monat nach der Testphase.Jederzeit kündbar.
Exklusive Podcasts
Werbefrei
Alle frei verfügbaren Podcasts
Hörbücher
20 Stunden / Monat