SunnhordlandPodden
Catalina S. Jimenez kom frå Gran Canaria til Husnes som niåring – lokka av forteljingar om troll og eit eksotisk Noreg. Sidan har ho vore flyvertinne, blitt lærar, bygd nettsider, redda kattar og kasta seg inn i dugnadsprosjekt som Støyperiet Pub på Husnes. I denne episoden fortel Catalina om kultursjokk, reiselyst, nettlæring, UX-design og kvifor norsk fredagstaco eigentleg burde få eit nytt namn. Du blir og betre kjent med Støyperiet Pub på Husnes – eit imponerande dugnadsprosjekt med 109 eldsjeler, retromøblar, lokal identitet, planar om å brygge øl og eit sterkt ønskje om å skapa ein varm møteplass for vaksne. Du får og mange gode reisetips, både lokalt og globalt. Sponsor: Ekspedisjonsreiser AS På Husnes finn du Ekspedisjonsreiser AS – eit lokalt reiseselskap med personleg service og solid kunnskap om reisemåla sine. Dei skreddarsyr reiser og tilbyr gruppeturar for deg som ønskjer unike opplevingar – frå fjellturar i Nepal og toppen av Kilimanjaro, til Machu Picchu og safari i Kenya og Tanzania. Ta ein prat med Andreas på Husnes, eller besøk ekspedisjonsreiser.no [http://ekspedisjonsreiser.no/].
421 episodios
Comentarios
0Sé la primera persona en comentar
¡Regístrate ahora y únete a la comunidad de SunnhordlandPodden!