SunnhordlandPodden

SunnhordlandPodden

Podcast de Kjetil Fyllingen

Disfruta 30 días gratis

4,99 € / mes después de la prueba.Cancela cuando quieras.

Phone screen with podimo app open surrounded by emojis

Más de 1 millón de oyentes

Podimo te va a encantar, y no sólo a ti

Valorado con 4,7 en la App Store

Acerca de SunnhordlandPodden

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

Todos los episodios

384 episodios
episode Hjertefred på Tysnes – om sorg, håp og det å finne ro artwork
Hjertefred på Tysnes – om sorg, håp og det å finne ro

Når livet plutseleg blir snudd på hovudet, og ein mistar nokon ein er glad i – korleis lever ein vidare med det? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Jannike Alvær Lie og Ingebjørg Alvær Lie, som sammen med Jannicke Bjørnevik står bak Hjertefred på Tysnes – ei minnemarkering for alle som har opplevd sorg og sakn. Søndag 2. november inviterer dei til ei varm og inkluderande stund på OnarTun, der lys, musikk og fellesskap gir rom for både tårer, smil og håp.  I samtalen deler dei si eiga historie – om å miste broren sin, om sjukdom, organdonasjon og om korleis smerte kan forandre måten vi møter andre på. Dette er ei sterk og håpefull forteljing om å leve vidare, om takknemlegheit, og om krafta i fellesskap når livet gjer vondt. Sponsor: Stord Begravelsesbyrå  Stord Begravelsesbyrå er ei familiebedrift i tredje generasjon som bistår ved dødsfall i heile Sunnhordland. Erfaringa til Stord Begravelsesbyrå er di tryggleik. Byrået har kontor sentralt på Leirvik, i Fitjar sentrum, på Sæbøvik i Kvinnherad og på Våge på Tysnes. Hos Stord Begravelsesbyrå blir du møtt med varme av trygge og profesjonelle medmenneske, der målet er å leggja til rette for fine og verdige gravferder. Kva det vil seia, er ulikt frå person til person – og dette finn ein ut saman. Visjonen til Stord Begravelsesbyrå er å vera ein veg­ryddar – ein medhjelpar og medvandrar i sorga sitt landskap, eit lite stykke på vegen. Ein kan ikkje ta bort sorga, men Stord Begravelsesbyrå kan leggja til rette for at det praktiske vert handtert på ein god og ryddig måte. I tillegg til gravferd hjelper Stord Begravelsesbyrå med oppussing av gravstein og sal av nye gravsteinar. Dei har fine gravsteinutstillingar på alle kontora sine. Stord Begravelsesbyrå – ditt lokale gravferdsbyrå i heile Sunnhordland.

30 oct 2025 - 33 min
episode Britt Kjellesvik Rage - om Bringeklutar, Drakthistorie og Levande Kulturarv artwork
Britt Kjellesvik Rage - om Bringeklutar, Drakthistorie og Levande Kulturarv

Britt Kjellesvik Rage brenn for gamle tekstilar, folkedrakter og historia dei fortel. I denne episoden deler ho frå arbeidet med å kartleggja drakttradisjon på Tysnes, boka om bringeklutane, og livet som «viking» i Gudvangen. Vi får høyra om dokkeskulpturane som har reist verda rundt, korleis ho byggjer ein lokal drakt-database, og kvifor tekstilar er mykje meir enn pynt – dei er kulturarv, handelshistorie og levd liv. Sponsor: Tysnes gjev meirsmak Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.  ⁠⁠https://www.visittysnes.no⁠⁠ [https://www.visittysnes.no/]

27 oct 2025 - 48 min
episode Andreas Lavik Frøkedal - Livet med Epilepsi artwork
Andreas Lavik Frøkedal - Livet med Epilepsi

Korleis er det å leve med epilepsi – ein sjukdom som for mange er både usynleg og tabubelagt? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Andreas Lavik Frøkedal frå Tysnes. Han deler ope om korleis livet endra seg då han fekk sitt første anfall berre ni år gammal, og kva for utfordringar han har møtt i oppveksten, ungdomstida og som vaksen. Andreas fortel om både dei tøffe periodane, misforståelsar i skulekvardagen og kampen for å finne rett behandling. Samtidig deler han varme historier om familien som alltid har stått ved sida hans, hunden Fanny som blei ei viktig støtte, og korleis frivillig arbeid, politikk og jobb har gitt livet retning og meining. Sponsor: SvingenPuls Treningssenter I dag er episoden sponsa av SvingenPuls Treningssenter – midt i Våge på Tysnes! Her får du 700 kvadratmeter med treningsglede – alt frå styrkestudio med topp moderne Technogym-utstyr, kondisjonsapparat og frivekter, til eigen sykkelsal og ein aerobicsal med mange ulike gruppetimar. Hos SvingenPuls kan du trene når det passar deg – dei har ope 365 dagar i året, nesten døgnet rundt med nøkkelkort. Om du er fastbuande eller berre på ferie, har dei tilbod som passar for deg. Og treng du ekstra oppfølging, tilbyr dei både rettleiing og personleg trening. I bygget finn du òg fysioterapeut Geir Austvik om du treng fagleg hjelp – og på nyåret flyttar enda ein fysioterapeut inn hos dei på Svingen! Så – kva ventar du på? Få opp pulsen hos SvingenPuls! Les meir på svingenpuls.no [https://svingenpuls.no/] eller følg dei på Facebook [https://www.facebook.com/svingenpuls].

20 oct 2025 - 38 min
episode Anne Margrethe Otterå – om Nål & Tråd, Stofflanging og Gründerliv artwork
Anne Margrethe Otterå – om Nål & Tråd, Stofflanging og Gründerliv

Ho kallar seg sjølv den største «stofflangaren» på Stord – men heldigvis er stoffet hennar heilt lovleg! I over 55 år har Anne Margrethe Otterå vore hekta på nål og tråd, og i dag driv ho butikken Nål & Tråd med både symaskiner, stoff og garn. I denne episoden får du høyra om eit liv fylt med skaparglede, flytteprosjekt, pendling frå Austevoll – og kvifor både sying og strikking kan vera ekte terapi. Me snakkar òg om gründarlivets oppturar og nedturar, og kvifor ein aldri blir heilt ferdig med å samle på stoff. Og kva er eigentleg poenget med å sy sin eigen BH? Vil du bli med på syhelg? Sjekk ut denne sida [https://www.facebook.com/events/742517505323283/?acontext=%7B%22event_action_history%22%3A[%7B%22surface%22%3A%22search%22%7D%2C%7B%22mechanism%22%3A%22attachment%22%2C%22surface%22%3A%22newsfeed%22%7D]%2C%22ref_notif_type%22%3Anull%7D] Sponsor: Verdig Gravferd Hjå Verdig Gravferd skal du kjenna deg godt tatt hand om og få tatt ein verdig og personleg avskjed med dine kjære.  Verdig Gravferd har kontor og samtalerom i Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr sine tenester i heile Sunnhordland.  Besøk nettsida ⁠verdiggravferd.no⁠ [https://verdiggravferd.no/] for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar.  Verdig Gravferd leverer gravminner frå Eide Stein og veileder i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne.

13 oct 2025 - 58 min
episode Caroline Steinsland - om Reisa frå Brasil til Bømlo, Instagram og Karate artwork
Caroline Steinsland - om Reisa frå Brasil til Bømlo, Instagram og Karate

Korleis endar ei livsglad kvinne frå Brasil opp på Bømlo – og blir ein Instagram-ambassadør for norsk natur og kultur?  Caroline Steinsland har budd i fleire land, men fann kjærleiken og livet sitt på Vestlandet. I dag deler ho tips og inspirasjon til tusenvis av følgjarar på Instagram, der ho viser fram både kjende og ukjende perler i Noreg. I denne episoden av Sunnhordlandpodden fortel Caroline om oppveksten i Brasil, kontrastane mellom Sør-Amerika og livet på ei vestlandsøy, og om kvardagen som trebarnsmor, prosjektkoordinator – og snart svartbelte i karate!  Ho brenn for å vise fram det enkle, vakre og ekte i norsk natur og kvardagsliv, og ho meiner Bømlo er «den magiske øya». Sponsor: Verdig Gravferd Hjå Verdig Gravferd skal du kjenna deg godt tatt hand om og få tatt ein verdig og personleg avskjed med dine kjære. Verdig Gravferd har kontor og samtalerom i Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr sine tenester i heile Sunnhordland. Besøk nettsida verdiggravferd.no [https://verdiggravferd.no] for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar. Verdig Gravferd leverer gravminner frå Eide Stein og veileder i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne.

06 oct 2025 - 43 min
Soy muy de podcasts. Mientras hago la cama, mientras recojo la casa, mientras trabajo… Y en Podimo encuentro podcast que me encantan. De emprendimiento, de salid, de humor… De lo que quiera! Estoy encantada 👍
Soy muy de podcasts. Mientras hago la cama, mientras recojo la casa, mientras trabajo… Y en Podimo encuentro podcast que me encantan. De emprendimiento, de salid, de humor… De lo que quiera! Estoy encantada 👍
MI TOC es feliz, que maravilla. Ordenador, limpio, sugerencias de categorías nuevas a explorar!!!
Me suscribi con los 14 días de prueba para escuchar el Podcast de Misterios Cotidianos, pero al final me quedo mas tiempo porque hacia tiempo que no me reía tanto. Tiene Podcast muy buenos y la aplicación funciona bien.
App ligera, eficiente, encuentras rápido tus podcast favoritos. Diseño sencillo y bonito. me gustó.
contenidos frescos e inteligentes
La App va francamente bien y el precio me parece muy justo para pagar a gente que nos da horas y horas de contenido. Espero poder seguir usándola asiduamente.
Phone screen with podimo app open surrounded by emojis

Más de 1 millón de oyentes

Podimo te va a encantar, y no sólo a ti

Valorado con 4,7 en la App Store

Disfruta 30 días gratis

4,99 € / mes después de la prueba.Cancela cuando quieras.

Podcasts exclusivos

Sin anuncios

Podcast gratuitos

Audiolibros

20 horas / mes

Prueba gratis

Sólo en Podimo

Audiolibros populares