Omslagafbeelding van de show SunnhordlandPodden

SunnhordlandPodden

Podcast door Kjetil Fyllingen

Noors

Business

Probeer 14 dagen gratis

€ 9,99 / maand na proefperiode.Elk moment opzegbaar.

  • 20 uur luisterboeken / maand
  • Podcasts die je alleen op Podimo hoort
  • Gratis podcasts
Probeer gratis

Over SunnhordlandPodden

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

Alle afleveringen

421 afleveringen

aflevering Catalina S. Jimenez - om Støyperiet Pub, dugnad, fellesskap og kultursjokk artwork

Catalina S. Jimenez - om Støyperiet Pub, dugnad, fellesskap og kultursjokk

Catalina S. Jimenez kom frå Gran Canaria til Husnes som niåring – lokka av forteljingar om troll og eit eksotisk Noreg. Sidan har ho vore flyvertinne, blitt lærar, bygd nettsider, redda kattar og kasta seg inn i dugnadsprosjekt som Støyperiet Pub på Husnes.  I denne episoden fortel Catalina om kultursjokk, reiselyst, nettlæring, UX-design og kvifor norsk fredagstaco eigentleg burde få eit nytt namn. Du blir og betre kjent med Støyperiet Pub på Husnes – eit imponerande dugnadsprosjekt med 109 eldsjeler, retromøblar, lokal identitet, planar om å brygge øl og eit sterkt ønskje om å skapa ein varm møteplass for vaksne. Du får og mange gode reisetips, både lokalt og globalt.  Sponsor: Ekspedisjonsreiser AS På Husnes finn du Ekspedisjonsreiser AS – eit lokalt reiseselskap med personleg service og solid kunnskap om reisemåla sine. Dei skreddarsyr reiser og tilbyr gruppeturar for deg som ønskjer unike opplevingar – frå fjellturar i Nepal og toppen av Kilimanjaro, til Machu Picchu og safari i Kenya og Tanzania. Ta ein prat med Andreas på Husnes, eller besøk ekspedisjonsreiser.no [http://ekspedisjonsreiser.no/].

6 jul 2026 - 48 min
aflevering Mariia Kapanzhy – om Brilleriet, sjokolade og flukta frå krigen i Ukraina artwork

Mariia Kapanzhy – om Brilleriet, sjokolade og flukta frå krigen i Ukraina

Mariia Kapanzhy kom frå Odessa i Ukraina til Noreg etter at krigen braut ut. I denne episoden blir me betre kjent med historia hennar – frå eit godt liv i heimlandet, via mørke vintrar utan straum, til eit nytt liv på Stord. Maria fortel om flukta, møtet med Noreg, språket, kulturen og kvardagen som ukrainar i Sunnhordland. Ho deler òg om jobben på Brilleriet, lidenskapen for briller – og den kreative sjokoladebedrifta ho er i ferd med å byggja opp. Og så er det fuglen Pidrik, då. Ein liten babyfugl redda frå ein katt, som no bur heime hos Maria – og har blitt ei lita TikTok-stjerne.  Sjekk ut: https://www.instagram.com/choco_la_tease Sponsor: Brilleriet – din lokale optikar på Leirvik og Heiane. Livet er for kort til kjedelege briller, og endå kortare til å gå rundt med plager i augo. Stadig fleire slit med tørre auge, ruskekjensle og sårheit – ofte på grunn av skjermbruk, inneklima og kvardagsstress.  Mange ventar altfor lenge med å søkje hjelp. Hos Brilleriet får du ikkje berre råd og dråpar, men moderne behandling som går til rota av problemet, med lysbehandling og spesialutstyr som kan gi varig betring i augehelsa. Hausten 2026 skal det fødast to nye Brilleri. Begge har termin i spetember viss alt går etter planen. Det eine vert i Ølen og det andre er det foreløpig ingen som veit. Stor takk til Brilleriet for at dei er med på laget og støttar Sunnhordlandpodden!

29 jun 2026 - 54 min
aflevering Nils Sortland - om Sjøkart 19, MS Solbjørg og Sildajazz artwork

Nils Sortland - om Sjøkart 19, MS Solbjørg og Sildajazz

Nils Sortland har brukt store delar av livet på båt, musikk, mekanikk og kystkultur. I denne episoden blir me betre kjent med mannen bak MS Solbjørg og det populære musikkprosjektet Sjøkart 19. Me snakkar om oppveksten på Sortland, gamle båtar, mopedtrimming, grensevakt i sprengkulde, eit langt arbeidsliv – og ikkje minst draumen om å skapa liv på gamle kaier langs kysten. Med skøyta som scene, norske tekstar, kystmusikk og god stemning har Sjøkart 19 blitt eit prosjekt som samlar folk og vekkjer lokal stoltheit. Korleis held ein liv i ein 58 fots båt gjennom meir enn 40 år? Kvifor betyr rekruttering og ungdom så mykje? Og kva skjer når Sjøkart 19 legg til kai under Sildajazz? Sponsor: Helle AS Går du og irriterer deg over ein dryppande kran, eller drøymer du rett og slett om eit heilt nytt bad? Ikkje utset det lenger! Helle AS på Bremnes ryddar opp i både små og store røyrleggjarutfordringar. Hos dei får du rask respons, god fleksibilitet og ein lokal røyrleggjar du kan stola på. Gjer det skikkeleg første gongen. Ring Helle AS på 40 40 36 81 eller besøk helleas.no [https://helleas.no] i dag!

22 jun 2026 - 52 min
aflevering Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp? artwork

Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp?

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Teamleiar Marie Røsvik Haldorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen frå Rask Psykisk Helsehjelp i Bømlo kommune.  Dei fortel om eit lågterskeltilbod som gir hjelp til menneske som strevar med lettare former for stress, angst, depresjon, søvnproblem, grubling og bekymringar. Kvifor slit så mange med psykisk helse i dag? Kva gjer sosiale medium med oss? Korleis kan ein handtera overtenking og bekymringar? Og kva er eigentleg skilnaden på vanlege livsutfordringar og psykiske lidingar? Du får også konkrete råd om korleis du kan ta vare på eiga psykisk helse, kvifor fysisk aktivitet og sosiale relasjonar er så viktige, og når det kan vera lurt å be om hjelp. Ein viktig og aktuell samtale om psykisk helse, håp og korleis små grep kan gjera ein stor forskjell. Sponsor: Bømlo ProfilTreng du arbeidsklede, profilklede, skilt, reklameartiklar eller hjelp med grafisk design? Då bør du ta turen innom Bømlo Profil i Hollundsdalen.Med eige showroom og ein engasjert gjeng på laget tilbyr dei alt frå logoar og visuell profil til arbeidsklede og profileringsprodukt for små og store bedrifter. Dei kan også byggja eigne nettløysingar for kundane sine, med portal der du enkelt kan bestilla utvalde produkt til di bedrift. I tillegg pakkar og leverer dei arbeidsklede direkte på arbeidsplassen dersom det er ønskjeleg.Bømlo Profil satsar på personleg service, raske leveransar og gode løysingar tilpassa di bedrift. Samstundes er dei opptekne av å sjå heile menneske – og dei veit at god psykisk helse er ein viktig del av ein god arbeidskvardag. Difor heier dei på initiativ som «Rask psykisk helsehjelp», som gjer det lettare å få hjelp når ein treng det.Ta kontakt med Bømlo Profil – dei har kaffien klar og hjelper deg gjerne med å synleggjera di verksemd. Sjekk ut: * https://bomloprofil.no [https://bomloprofil.no] * https://www.facebook.com/bomloprofil [https://www.facebook.com/bomloprofil] * https://www.instagram.com/bomlo_profil/ [https://www.instagram.com/bomlo_profil/]

15 jun 2026 - 48 min
aflevering Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring artwork

Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring

Cecilie Tveit Mehammer er glad i trening, jakt, natur og menneske. Ho er utdanna helsefagarbeidar og personleg trenar, og brenn for å hjelpa andre til å ta vare på både kropp og hovud. For henne handlar trening ikkje først og fremst om kroppsideal, sixpack eller perfekte rutinar, men om meistring, mental helse og det å finna styrke i kvardagen. I samtalen fortel Cecilie ope om mobbing i oppveksten, dårleg sjølvkjensle, angst og «styggen på ryggen» – den indre kritikaren som kan gjera kvardagen tung. Ho deler også korleis trening har blitt eit viktig verktøy for å dempa uro, byggja sjølvtillit og få meir ro i kroppen. I dag hjelper Cecilie andre som personleg trenar. Ho ønskjer å møta folk der dei er, senka terskelen for å koma i gang og visa at trening kan vera for heilt vanlege menneske med heilt vanlege liv. Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar. For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland. Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: ⁠⁠⁠⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠ [https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe]

8 jun 2026 - 28 min
Super app. Onthoud waar je bent gebleven en wat je interesses zijn. Heel veel keuze!
Super app. Onthoud waar je bent gebleven en wat je interesses zijn. Heel veel keuze!
Makkelijk in gebruik!
App ziet er mooi uit, navigatie is even wennen maar overzichtelijk.

Kies je abonnement

Meest populair

Premium

20 uur aan luisterboeken

  • Podcasts die je alleen op Podimo hoort

  • Geen advertenties in Podimo shows

  • Elk moment opzegbaar

Probeer 14 dagen gratis
Daarna € 9,99 / maand

Probeer gratis

Premium Plus

Onbeperkt luisterboeken

  • Podcasts die je alleen op Podimo hoort

  • Geen advertenties in Podimo shows

  • Elk moment opzegbaar

Probeer 30 dagen gratis
Daarna € 13,99 / maand

Probeer gratis

Alleen bij Podimo

Populaire luisterboeken

Veelgestelde vragen

Meer vragen & antwoorden
Probeer gratis

Probeer 14 dagen gratis. € 9,99 / maand na proefperiode. Elk moment opzegbaar.