SunnhordlandPodden
Nils Sortland har brukt store delar av livet på båt, musikk, mekanikk og kystkultur. I denne episoden blir me betre kjent med mannen bak MS Solbjørg og det populære musikkprosjektet Sjøkart 19. Me snakkar om oppveksten på Sortland, gamle båtar, mopedtrimming, grensevakt i sprengkulde, eit langt arbeidsliv – og ikkje minst draumen om å skapa liv på gamle kaier langs kysten. Med skøyta som scene, norske tekstar, kystmusikk og god stemning har Sjøkart 19 blitt eit prosjekt som samlar folk og vekkjer lokal stoltheit. Korleis held ein liv i ein 58 fots båt gjennom meir enn 40 år? Kvifor betyr rekruttering og ungdom så mykje? Og kva skjer når Sjøkart 19 legg til kai under Sildajazz? Sponsor: Helle AS Går du og irriterer deg over ein dryppande kran, eller drøymer du rett og slett om eit heilt nytt bad? Ikkje utset det lenger! Helle AS på Bremnes ryddar opp i både små og store røyrleggjarutfordringar. Hos dei får du rask respons, god fleksibilitet og ein lokal røyrleggjar du kan stola på. Gjer det skikkeleg første gongen. Ring Helle AS på 40 40 36 81 eller besøk helleas.no [https://helleas.no] i dag!
419 Folgen
Kommentare
0Sei die erste Person, die kommentiert
Melde dich jetzt an und werde Teil der SunnhordlandPodden-Community!