SunnhordlandPodden
Kostenloser Podcast

SunnhordlandPodden

Podcast von Kjetil Fyllingen

Starte kostenlos
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor 

Diesen Podcast kannst du überall hören, wo es Podcasts gibt und auch ohne Mitgliedschaft in der Podimo App.

Alle Folgen

333 Folgen
episode Susanna Heggland - om Modertreet, Morskap og Mental helse artwork
Susanna Heggland - om Modertreet, Morskap og Mental helse

Bli kjent med psykologspesialist Susanna Heggland frå Tysnes. Ho deler si reise frå oppveksten på Tysnes til livet som psykolog og småbrukar, og fortel om sitt engasjement for psykisk helse og kvinnehelse, spesielt gjennom graviditet og barseltid. Vi får høyre om hennar arbeid med Modertreet, ein metode som fokuserer på den psykiske vekstprosessen kvinner opplever når dei blir mødre.  Susanne deler også innsikt i korleis ho balanserer eit aktivt familieliv, pendling og fleire roller som psykolog. Sjekk ut: https://www.instagram.com/modertreet/ [https://www.instagram.com/modertreet/] og https://www.hegglandpsykologtjenester.no [https://www.hegglandpsykologtjenester.no]  Perinatal mental helse handlar om psykisk helse i tida rundt graviditet og småbarnsperioden, som blir sett på som kritisk for både foreldre og barn. Dei første 1001 dagane, frå unnfangelse til barnet fyller to år, er avgjerande for utviklinga av hjernen og det emosjonelle grunnlaget for livet. God mental helse hos foreldre fremjar trygge relasjonar og positiv tilknyting, som er essensielt for barnets vekst og utvikling. Utfordringar som angst og depresjon kan påverka både foreldreskap og barnets utvikling negativt, noko som understrekar behovet for støtte og tidleg intervensjon i denne perioden. Sponsor: Tysnes gjev meirsma Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.  Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida ⁠visittysnes.no⁠ [http://visittysnes.no/] finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.

09. Dez. 2024 - 47 min
episode Agnar Aarskog - om Vindmøller, Politikk, Fotball og Kjærleiken til Fitjar artwork
Agnar Aarskog - om Vindmøller, Politikk, Fotball og Kjærleiken til Fitjar

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Agnar Aarskog , ein ekte Fitjar-patriot med 24 år i kommunestyret og 8 år som ordførar. Han deler minner frå oppveksten i Fitjar Gattneri og korleis eit ønske om å byggje grasbane førte han inn i politikken. Årskog snakkar om dei store økonomiske utfordringane som ordførar, det kontroversielle vindmølleprosjektet på Fitjafjellet, og engasjementet i Fitjar Kraftlag. Få eit unikt innblikk i Fitjars utvikling gjennom augo til ein mann som har sett kommunen gjennom både motgang og suksess! Støttespelar: Fitjar Kraftlag Denne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk! Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.

02. Dez. 2024 - 45 min
episode Kjell-Torodd Fitjar Bremskau - Kva er nøkkelen til å lykkast som gründerbedrift? artwork
Kjell-Torodd Fitjar Bremskau - Kva er nøkkelen til å lykkast som gründerbedrift?

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Kjell-Torodd Fitjar Bremskau frå Alde Akva. Han deler historia bak selskapet, som han starta, saman med Geir Ingolf Strand og Eirik Østerhaug, i 2020, midt under pandemien. Dei hadde jobba tett saman før og såg moglegheita til å skape eit fleksibelt konsulentmiljø innan akvakultur. Kjell-Torodd fortel om oppstarten, utfordringane, og kor viktig støtta frå inkubatoren Atheno [https://atheno.no] og familiane var. Han peikar på verdien av grundige førebuingar og å starte forsiktig.  Episoden gir eit ærleg og inspirerande innblikk i gründerreisa – frå dei første idéane til nervøse, men spennande lanseringsdagar og korleis dei har utvikla selskapet.  Sjekk ut: https://aldeakva.no [https://aldeakva.no]

25. Nov. 2024 - 49 min
episode Ein konteinar full av håp – slik hjelper Stord Cuba artwork
Ein konteinar full av håp – slik hjelper Stord Cuba

I denne episoden møter vi Astri Valvatne Granli og Anders Dahl, som fortel om innsamlingsaksjonen kyrkja på Stord har til Cuba. Gjennom eit nært samarbeid med den lutherske kyrkja på Cuba og Nordmisjon, jobbar dei med å sende ein 40-fots konteinar full av nødvendige varer som klede, sko, syklar og møblar. Astri og Anders delar opplevingar frå turen dei hadde til Cuba i januar, der dei besøkte kyrkjer og lokalsamfunn, og fekk sjå dei store utfordringane folket der står i. Dei reflekterer over korleis det var å oppleve mangelen på mat og varer, og korleis dette har inspirert dei til å bidra vidare. I tillegg gir dei innsikt i den politiske og økonomiske situasjonen i landet, og korleis hjelpesendingar vert mottekne av både lokalbefolkninga og styresmaktene. Bli inspirert av engasjementet og høyr korleis du kan bidra til dette viktige arbeidet for å gjere ein forskjell for folk på Cuba. Vil du bidra, kan du levere ting i Kyrkjestova Fredheim i kveld (21. nov.) kl. 18–20 eller bestille henting. Du kan òg vippse til Stord sokn (124653), merk Cuba. Les meir og følg med på prosjektet ved å bli med i gruppa Hjelpesending til Cuba – våren 2025 [https://www.facebook.com/groups/907169517890643] på Facebook. Sponsor: Jarle Steinsland AS. [https://www.jarlesteinsland.no] Røyrleggar og flisleggar med hovudvekt på rehabilitering av bad og våtrom. Jarle har over 20 års erfaring, og han er den røyrleggjaren eg ringer til når noko skal fiksast heime hos oss. Han har blant anna pussa opp eit par bad og montert ein flott dusj her, så eg kan trygt anbefale deg å ta kontakt med Jarle Steinsland [https://www.jarlesteinsland.no] om du treng ein dyktig røyrleggar.

21. Nov. 2024 - 32 min
episode Elin Stenbråten - om Deboras Hage: Omsorg, Fellesskap og Heimelaga mat artwork
Elin Stenbråten - om Deboras Hage: Omsorg, Fellesskap og Heimelaga mat

I denne episoden møter me Elin Stenbråten, grunnleggaren av Deboras hage. Elin delar si reise frå å vera misjonærbarn i Japan til å etablera eit hjemmebakeri på Stord med ein større visjon om omsorg og fellesskap. Deboras hage er eit hjemmebakeri som starta som ein draum om å hjelpa menneske. Elin fortel om korleis møtet med ei eldre dame, kalla "Lady M", inspirerte henne til å starta prosjektet. Ho såg eit behov for heimelaga mat og omsorg, særleg blant eldre. Elin deler òg om utfordringane ho har møtt på vegen, inkludert byråkratiske hindringar som installering av ein kostbar fettutskiller. Ho fortel om korleis ho gradvis byggjer opp verksemda, med mål om å ha faste opningsdagar og moglegvis utvida tilbodet i framtida. Gjennom samtalen får me innblikk i Elin sitt engasjement for å skapa fellesskap og gi omsorg gjennom mat. Ho deler òg litt om sine populære cookies og andre bakevarer som har blitt godt mottekne i lokalsamfunnet. Episoden gir eit varmt og personleg portrett av ein gründer med eit stort hjarte for menneske og ein visjon om å skapa ein stad der ingen treng å kjenna seg åleine Sjekk ut: https://www.instagram.com/deborahshage/ Sponsor: Verdig Gravferd Hjå dei vil du kjenna deg godt tatt vare på og få ein verdig og personleg avskil med dine kjære. Verdig Gravferd har kontor og samtalerom på Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr tenester i heile Sunnhordland. Besøk nettsida verdiggravferd.no  [http://verdiggravferd.no]for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar. Verdig Gravferd leverer gravminne frå Eide Stein og rettleiar deg i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne.

18. Nov. 2024 - 31 min
Der neue Look und die “Trailer” sind euch verdammt gut gelungen! Die bisher beste Version eurer App 🎉 Und ich bin schon von Anfang an dabei 😉 Weiter so 👍
Eine wahnsinnig große, vielfältige Auswahl toller Hörbücher, Autobiographien und lustiger Reisegeschichten. Ein absolutes Muss auf der Arbeit und in unserem Urlaub am Strand nicht wegzudenken... für uns eine feine Bereicherung
Spannende Hörspiele und gute Podcasts aus Eigenproduktion, sowie große Auswahl. Die App ist übersichtlich und gut gestaltet. Der Preis ist fair.

Nutze Podimo überall

Höre Podimo auf deinem Smartphone, Tablet, Computer oder im Auto!

Ein ganzes Universum für Unterhaltung für die Ohren

Tausende Hörbücher und exklusive Podcasts

Ohne Werbung

Verschwende keine Zeit mit Werbeunterbrechungen, wenn du bei Podimo hörst

Dein Angebot

Unbegrenzter Zugang zu allen exklusiven Podcasts
Ohne Werbung
20 Stunden Hörbücher / Monat
Nach der Testphase nur 4,99 € / Monat. Keine Vertragsbindung.

Andere exklusive Podcasts

Beliebte Hörbücher