SunnhordlandPodden

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

36 min · 25 de may de 2026
Portada del episodio Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Descripción

Aurora Kvilhaugsvik er klar for å opne Det Gule Hus på nytt i Leirvik sentrum. I denne episoden blir me betre kjende med ei engasjert dame som brenn for gjenbruk, gründerskap, god stemning og meir liv i sentrum. Aurora fortel om vegen frå marknadsføring og utelivsbransje til bruktbutikk, kvifor ho meiner Det Gule Hus er meir enn ein butikk, og korleis ho ønskjer å skapa ein møteplass der folk kan finna skattar, selja vidare det dei ikkje brukar – og kanskje få litt betre samvit for både lommebok og miljø. Me snakkar om sirkulær økonomi, kvalitet framfor bruk-og-kast, draumen om sykurs, barneavdeling og DJ-bås i butikken – og sjølvsagt om den store nyopninga 6. juni, med goodiebags, cupcakes og høge forventningar. Dette er ein episode om å våga å satse, om å heia på lokale initiativ, og om kvifor sentrum treng butikkar og møteplassar med personlegdom, fargar og folk som brenn for noko.  Dagens episode er sponsa av MOVA Stord Treningssenteret ligg sentralt til i enden av Heiane Storsenter, i andre etasje. Her finn du over 1300 kvadratmeter med treningsglede, og du kjem garantert til å finne ei treningsform som passar for deg. MOVA Stord heiar på at du skal trene på den måten du likar best – for det er det som gir størst effekt! På senteret finn du fleire store avdelingar med apparat og frivekter, i tillegg til eit stort utval kondisjonsapparat. Senteret har også ein stor og variert gruppetreningsplan, med alt frå sykkeltimar og styrketrening til Zumba og yoga. I høgsesongen kan du velje mellom 25 og 30 gruppetimar kvar veke. MOVA Stord er eit døgnope senter for medlemmene sine. Du kan velje mellom medlemskap med eller utan binding, og du kan også kjøpe korttidsmedlemskap. Heile sommaren blir det selt korttidsmedlemskap til ein rimeleg pris, og det kjem også kampanjar på medlemskap elles i løpet av sommaren. Du kan alltid ta kontakt med senteret dersom du treng litt ekstra hjelp til å kome deg opp og i gang. Alle som blir medlem, kan booke ein gratis «MOVA start»-time med personleg trenar. Senteret har også stort fokus på samhald og det sosiale. Dei har ei koseleg sofaavdeling der du kan få deg ein gratis kopp kaffi eller te om du ønskjer det. Er du interessert i å vite meir om MOVA Stord? Sjekk ut nettsida deira: https://www.mova.no/treningssenter/stord [https://www.mova.no/treningssenter/stord] Du finn dei også på Facebook, Instagram og Snap: movastord24 Du kan kontakte dei på Messenger, Snap eller e-post: stord@mova.no

Comentarios

0

Sé la primera persona en comentar

¡Regístrate ahora y únete a la comunidad de SunnhordlandPodden!

Prueba gratis

Empieza 7 días de prueba

$99 / mes después de la prueba. · Cancela cuando quieras.

  • Podcasts solo en Podimo
  • 20 horas de audiolibros al mes
  • Podcast gratuitos

Todos los episodios

418 episodios

episode Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp? artwork

Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp?

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Teamleiar Marie Røsvik Haldorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen frå Rask Psykisk Helsehjelp i Bømlo kommune.  Dei fortel om eit lågterskeltilbod som gir hjelp til menneske som strevar med lettare former for stress, angst, depresjon, søvnproblem, grubling og bekymringar. Kvifor slit så mange med psykisk helse i dag? Kva gjer sosiale medium med oss? Korleis kan ein handtera overtenking og bekymringar? Og kva er eigentleg skilnaden på vanlege livsutfordringar og psykiske lidingar? Du får også konkrete råd om korleis du kan ta vare på eiga psykisk helse, kvifor fysisk aktivitet og sosiale relasjonar er så viktige, og når det kan vera lurt å be om hjelp. Ein viktig og aktuell samtale om psykisk helse, håp og korleis små grep kan gjera ein stor forskjell. Sponsor: Bømlo ProfilTreng du arbeidsklede, profilklede, skilt, reklameartiklar eller hjelp med grafisk design? Då bør du ta turen innom Bømlo Profil i Hollundsdalen.Med eige showroom og ein engasjert gjeng på laget tilbyr dei alt frå logoar og visuell profil til arbeidsklede og profileringsprodukt for små og store bedrifter. Dei kan også byggja eigne nettløysingar for kundane sine, med portal der du enkelt kan bestilla utvalde produkt til di bedrift. I tillegg pakkar og leverer dei arbeidsklede direkte på arbeidsplassen dersom det er ønskjeleg.Bømlo Profil satsar på personleg service, raske leveransar og gode løysingar tilpassa di bedrift. Samstundes er dei opptekne av å sjå heile menneske – og dei veit at god psykisk helse er ein viktig del av ein god arbeidskvardag. Difor heier dei på initiativ som «Rask psykisk helsehjelp», som gjer det lettare å få hjelp når ein treng det.Ta kontakt med Bømlo Profil – dei har kaffien klar og hjelper deg gjerne med å synleggjera di verksemd. Sjekk ut: * https://bomloprofil.no [https://bomloprofil.no] * https://www.facebook.com/bomloprofil [https://www.facebook.com/bomloprofil] * https://www.instagram.com/bomlo_profil/ [https://www.instagram.com/bomlo_profil/]

15 de jun de 202648 min
episode Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring artwork

Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring

Cecilie Tveit Mehammer er glad i trening, jakt, natur og menneske. Ho er utdanna helsefagarbeidar og personleg trenar, og brenn for å hjelpa andre til å ta vare på både kropp og hovud. For henne handlar trening ikkje først og fremst om kroppsideal, sixpack eller perfekte rutinar, men om meistring, mental helse og det å finna styrke i kvardagen. I samtalen fortel Cecilie ope om mobbing i oppveksten, dårleg sjølvkjensle, angst og «styggen på ryggen» – den indre kritikaren som kan gjera kvardagen tung. Ho deler også korleis trening har blitt eit viktig verktøy for å dempa uro, byggja sjølvtillit og få meir ro i kroppen. I dag hjelper Cecilie andre som personleg trenar. Ho ønskjer å møta folk der dei er, senka terskelen for å koma i gang og visa at trening kan vera for heilt vanlege menneske med heilt vanlege liv. Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar. For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland. Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: ⁠⁠⁠⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠ [https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe]

8 de jun de 202628 min
episode Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn artwork

Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Korleis er det eigentleg å vera politi i Sunnhordland? Og kva betyr det å jobba førebyggjande blant barn og ungdom? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Torbjørn Lodden, lokal politimann frå Stord, som brenn for å gjera ein positiv forskjell i nærmiljøet. Me snakkar om vegen inn i politiyrket, kvardagen som politi, sterke møte med menneske i krise – og kvifor relasjonar, tillit og førebygging er så viktig. Torbjørn deler også tankar om ungdomsmiljøet i regionen, utfordringar knytt til sosiale medium, digital påverknad, kriminalitet, svindel og korleis foreldre kan vera tettare på. Samtidig er han tydeleg på éin ting: Dei aller fleste ungdommane er fantastiske, og dei treng vaksne som ser dei, lyttar til dei og vågar å setja gode grenser. Sponsor: Subshore  Subshore er eit selskap som ønskjer å gjera meir enn berre å levera gode løysingar – dei vil vera med på å byggja menneske og fellesskap. Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, arbeider dei for ein kultur der folk blir sette – og der ein heiar kvarandre fram. Subshore minner oss om at små handlingar kan bety mykje. Eit smil. Ei invitasjon. Litt tid. Litt omsorg. Når vi heiar på kvarandre, får fleire moglegheit til å høyra til – og til å skina. Derfor er Sunnhordlandpodden både stolt og takksam for å ha Subshore med på laget.

1 de jun de 202647 min
episode Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum artwork

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Aurora Kvilhaugsvik er klar for å opne Det Gule Hus på nytt i Leirvik sentrum. I denne episoden blir me betre kjende med ei engasjert dame som brenn for gjenbruk, gründerskap, god stemning og meir liv i sentrum. Aurora fortel om vegen frå marknadsføring og utelivsbransje til bruktbutikk, kvifor ho meiner Det Gule Hus er meir enn ein butikk, og korleis ho ønskjer å skapa ein møteplass der folk kan finna skattar, selja vidare det dei ikkje brukar – og kanskje få litt betre samvit for både lommebok og miljø. Me snakkar om sirkulær økonomi, kvalitet framfor bruk-og-kast, draumen om sykurs, barneavdeling og DJ-bås i butikken – og sjølvsagt om den store nyopninga 6. juni, med goodiebags, cupcakes og høge forventningar. Dette er ein episode om å våga å satse, om å heia på lokale initiativ, og om kvifor sentrum treng butikkar og møteplassar med personlegdom, fargar og folk som brenn for noko.  Dagens episode er sponsa av MOVA Stord Treningssenteret ligg sentralt til i enden av Heiane Storsenter, i andre etasje. Her finn du over 1300 kvadratmeter med treningsglede, og du kjem garantert til å finne ei treningsform som passar for deg. MOVA Stord heiar på at du skal trene på den måten du likar best – for det er det som gir størst effekt! På senteret finn du fleire store avdelingar med apparat og frivekter, i tillegg til eit stort utval kondisjonsapparat. Senteret har også ein stor og variert gruppetreningsplan, med alt frå sykkeltimar og styrketrening til Zumba og yoga. I høgsesongen kan du velje mellom 25 og 30 gruppetimar kvar veke. MOVA Stord er eit døgnope senter for medlemmene sine. Du kan velje mellom medlemskap med eller utan binding, og du kan også kjøpe korttidsmedlemskap. Heile sommaren blir det selt korttidsmedlemskap til ein rimeleg pris, og det kjem også kampanjar på medlemskap elles i løpet av sommaren. Du kan alltid ta kontakt med senteret dersom du treng litt ekstra hjelp til å kome deg opp og i gang. Alle som blir medlem, kan booke ein gratis «MOVA start»-time med personleg trenar. Senteret har også stort fokus på samhald og det sosiale. Dei har ei koseleg sofaavdeling der du kan få deg ein gratis kopp kaffi eller te om du ønskjer det. Er du interessert i å vite meir om MOVA Stord? Sjekk ut nettsida deira: https://www.mova.no/treningssenter/stord [https://www.mova.no/treningssenter/stord] Du finn dei også på Facebook, Instagram og Snap: movastord24 Du kan kontakte dei på Messenger, Snap eller e-post: stord@mova.no

25 de may de 202636 min
episode Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla artwork

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla

Christian André Balchen frå Stord er ein mann som brenn litt over snittet for fyrstehjelp, ambulanseyrket og det å stilla opp når menneske står midt i det vanskelege. Christian André har over 24 år bak seg i ambulansetenesta, og før det jobba han som sjukepleiar på sjukehus. Han tek oss med inn i ein kvardag der ingen dagar er like: brystsmerter, trafikkulukker, fødslar, sårbare samtalar og møte med menneske i livets mest krevjande augeblikk. Vi snakkar om kva som gjer jobben meiningsfull, korleis ein handterer sterke inntrykk, kvifor den gode kaffikoppen med ein kollega kan vera den beste debriefen – og ikkje minst: kvifor vanlege folk ikkje må vera redde for å gripa inn. Christian André deler konkrete råd om HLR, hjartestartar, hjerneslag, ulukker, nedkjøling og kva du bør gjera når sekund faktisk tel. I tillegg blir det litt lokalpolitikk, helse og samferdsel. Sponsor: Jarle Steinsland AS [https://www.jarlesteinsland.no] Jarle Steinsland AS – rørleggar og flisleggjar med hovudvekt på rehabilitering av bad og våtrom. Jarle har over 20 års erfaring i faget, og han er den rørleggaren eg sjølv ringer til når noko må fiksast heime hos oss. Treng du hjelp til bad, våtrom eller rørleggartenester, så er det absolutt verdt å ta kontakt med Jarle Steinsland AS - https://www.jarlesteinsland.no

💜118 de may de 202636 min