SunnhordlandPodden
Korleis er det eigentleg å vera politi i Sunnhordland? Og kva betyr det å jobba førebyggjande blant barn og ungdom? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Torbjørn Lodden, lokal politimann frå Stord, som brenn for å gjera ein positiv forskjell i nærmiljøet. Me snakkar om vegen inn i politiyrket, kvardagen som politi, sterke møte med menneske i krise – og kvifor relasjonar, tillit og førebygging er så viktig. Torbjørn deler også tankar om ungdomsmiljøet i regionen, utfordringar knytt til sosiale medium, digital påverknad, kriminalitet, svindel og korleis foreldre kan vera tettare på. Samtidig er han tydeleg på éin ting: Dei aller fleste ungdommane er fantastiske, og dei treng vaksne som ser dei, lyttar til dei og vågar å setja gode grenser. Sponsor: Subshore Subshore er eit selskap som ønskjer å gjera meir enn berre å levera gode løysingar – dei vil vera med på å byggja menneske og fellesskap. Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, arbeider dei for ein kultur der folk blir sette – og der ein heiar kvarandre fram. Subshore minner oss om at små handlingar kan bety mykje. Eit smil. Ei invitasjon. Litt tid. Litt omsorg. Når vi heiar på kvarandre, får fleire moglegheit til å høyra til – og til å skina. Derfor er Sunnhordlandpodden både stolt og takksam for å ha Subshore med på laget.
418 episodios
Comentarios
0Sé la primera persona en comentar
¡Regístrate ahora y únete a la comunidad de SunnhordlandPodden!