
norsk
Business
99 kr / Måned etter prøveperioden.Avslutt når som helst.
Les mer SunnhordlandPodden
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
Kurt Grundvold og Per Inge Sætrevik - om Utdanningsmessa på Stord, Rotary - å gagne andre
Den 21.–22. januar 2026 blir den 34. utdanningsmessa på Stord arrangert på Vikahaugane – i regi av Stord Rotaryklubb. Men kvifor finst denne messa, og kvifor er ho blitt så viktig for ungdom i heile Sunnhordland? I denne episoden får du bli betre kjend med både utdanningsmessa og Rotary – og med to av dei som står midt i arbeidet: Kurt Grundvold (ansvarleg for utdanningsmessa) og Per Inge Sætrevik (President i Stord Rotaryklubb). Me snakkar om historia bak messa, dugnadsinnsatsen (ja, det er mange timar!), korleis Vikahaugane blir forvandla til ei maurtue av elevar og utstillarar – og kvifor det framleis betyr noko å møtast ansikt til ansikt, sjølv om “alt finst på nett”. Og kvifor må bedriftene ut og “fange” ungdommen? Du får òg høyra om frivillig engasjement, fellesskap og drivkrafta bak Rotary sitt motto: å gagne andre – og korleis utdanningsmessa både hjelper ungdom å finne retning, og gir overskot som kan gå vidare til gode formål lokalt og internasjonalt. 🎓 Utdanningsmessa er open onsdag og torsdag kl. 09–14, og alle som vil er velkomne til å stikka innom. Sponsor: Byrået design og profilering AS [https://www.byraet.no/] Byrået Design og Profilering AS er eit kreativt og erfarent design- og profileringsbyrå og har sidan 1980-talet hjulpet verksemder med å bli tydelegare, meir synlege og meir profesjonelle. Me skapar identitet som gjer det enklare for deg å nå ut med bodskapen din – og som styrkjer merkevara di kvar dag. Hos oss får du alt du treng til ein heilskapleg og gjennomført profil: grafisk design og visuelle identitetar, profesjonelle skilt og dekor, bil-dekor, storformat print, profilartiklar og gåveprodukt, samt gravering og industrimerking. Ein annan av våre spesialitetar er innvendig og utvendig utsmykning på vegger og glassflater, samt fornying med interiørfolie. Alt blir utvikla og produsert i moderne lokaler på Stord, av eit team som brenn for kvalitet og godt handverk. Me legg stor vekt på å forstå kva du faktisk prøver å løyse – om det handlar om å tiltrekke nye kundar, skape eit meir profesjonelt førsteinntrykk, styrkje intern stoltheit eller sørgje for tydeleg merking i bygg og anlegg. Ikkje nøl med å ta kontakt om du vil veta meir om kva me kan hjelpa deg med. https://www.byraet.no/ [https://www.byraet.no/] post@byraet.no [post@byraet.no]
Kosthald, hormon og motivasjon som varer - med Jeanette Roede og Monica Ur
Korleis kan du spele på lag med kroppen – i staden for å kjenne at han saboterer? I denne episoden møter du Jeanette Roede (dagleg leiar i Grete Rode) og Monica Ur (kursleiar på Stord). Vi snakkar om hormon, søvn, stress og cravings – og kvifor mange kjenner på skam når det eigentleg handlar om kroppens mekanismar. Du får konkrete tips til korleis du kan byggje vanar som varer lenger enn til midten av januar, korleis du går frå “eg burde” til ein faktisk plan, og kvifor små endringar ofte er det som gir dei store resultata over tid. Vi er òg innom forsking, frokostmytar, overgangsalder (ja – også for menn), kvardagsaktivitet som fungerer, og korleis Grete Roede-appen og chatboten Grete kan støtte deg i prosessen. Ei episode full av kunnskap, motivasjon og praktiske grep – for deg som vil ta vare på kroppen din på ein måte som faktisk passar i livet. Sponsor: Velværetunet Treng du eit friminutt i kvardagen? Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtest. Velværetunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum – i eit fredeleg område med parkering rett utanfor døra. På Velværetunet finn du eit breitt og variert utval av behandlingar: – Hudpleie og spa – Massasje for total avkopling – Makeup, bryn- og vippebehandlingar – Sauna og massasjebad No har Velværetunet to terapeutar, og kan difor tilby eit endå breiare spekter av behandlingar. Sjå gjerne heimesida velveretunet.no [https://www.velveretunet.no] for full oversikt over tilbodet. Velværetunet har lang og solid erfaring med ulike hudtilstandar, mellom anna rosacea, og legg stor vekt på fagleg tryggleik, personleg tilpassing og god rettleiing. På Velværetunet møter du: Anne Britt Ottesen, med over 20 års erfaring og eit brennande engasjement for å gi deg velvære for både kropp og sinn. Linn Tove, som er under utdanning i hudterapi, og jobbar på tunet kvar måndag og torsdag (utanom vekene ho er på skule). I dei lyse og romslege lokala til Velværetunet, på 140 kvm, finn du tre behandlingsrom, eige dagspa, butikk og kurslokale – alt lagt til rette for ei heilskapleg og god oppleving. Til slutt vil Velværetunet òg rette ei stor takk til lokale bedrifter som vel å handle lokalt og kjøpe gåvekort til sine tilsette. Det betyr mykje – både for Velværetunet og for lokalsamfunnet. Gi deg sjølv – eller nokon du er glad i – ein velfortent pause. Bestill time hos Velværetunet [https://www.velveretunet.no] i dag. 🌿
Kristine Sele – om juleminne, krambu og ei livslang skriveglede
Kristine er aktuell med ei heilt fersk bok om Kristian Eidesvik: fiskeskipperen som blei ein sentral næringslivsleiar – og som mange hugsar som ein skikkeleg, varm og driftig mann. Du får høyre om livet til Kristine, frå oppveksten på handelsplassen i Øklandsvågen med krambu, rutebåtar og juleutstillingar i vindauget – til livet som journalist i ei tid då ein skreiv for hand og sende filmrullar med buss. Kristine deler historier frå møte med kongen, reportasjetur til Valdres for å møte Margit Sandemo (og ei svensk «heks»), dramatikk på tokt med Kystvakta, klosteropphald i samband med ein jule-reportasje – og ein god dose varme, humor og livsvisdom. Det blir òg tid til prat om julepynt, reisetips og kvifor det er viktig å halde seg engasjert gjennom heile livet. Restaurant 77, René, BB og Naustet Restaurant! Enten du er ute etter ein rask burger, ein god middag ved sjøen eller ferske bakverk og lunsj midt i kvardagen – finn du det hos oss. BB byr på smaken av ekte kolgrill, René på det vesle ekstra, og Naustet Restaurant på gode smakar i maritime omgjevnader. I 2026 opnar Restaurant 77 – ein heilt ny møteplass i hjartet av Haugesund. Vil du gjere opplevinga komplett, kan du òg overnatte på Quality Hotel Maritim eller Thon Hotel Saga – midt i byen, tett på alt. Fleire konsept, éi felles lidenskap: gode råvarer, ekte matglede og gode opplevingar. Neste gong du skal ut og ete eller bu – vel lokalt. Vel kvalitet. Vel oss. Helsing Caiano
Tørre auge? Slik får du hjelp – med optikar Arnhild Myklebust
Optikar Arnhild Myklebust er tilbake i studio! I denne episoden får du høyre om alt frå korleis Brilleriet planlegg å ekspandere i 2026, til korleis tørre auge har blitt eit stadig større problem. Kjetil deler sine eigne erfaringar med «sandpapir-auger» og korleis ein enkel sjekk hjå optikar kan gjere ein enorm forskjell. Arnhild forklarar kva som faktisk skjer i augo våre, kva som påverkar tårefilmen, kvifor overgangsalderen speler inn, og kvifor skjermbruk gjer fleire plaga enn før. Vi snakkar òg om nye typar behandling – frå varmemaskar og auelokksmassasje til avansert lysbehandling som opnar kjertlar og gir betre komfort. Og sjølvsagt: litt om brilletrendar, litt humor, og eit aldri så lite ordspel eller to. Dette er episoden for deg som slit med tørre auge, ser for mykje på skjerm, er nysgjerrig på synshelsa di – eller berre vil høyre ein inspirerande prat med ein ekte lokal gründer. Samarbeid: Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Brilleriet.
John Håvard Livden - om draumelivet på gård, juletresal og farlege ting
John Håvard Livden har flytta med familien frå Arna til gardsliv på Digernes på Stord – med sauer, juletre, eigne poteter og gutar som bygg trehytter i skogen. I denne episoden får du høyra om korleis han kombinerer livet som bonde og yrkesfaglærar, kvifor han brenn for grindbygg og tradisjonshandverk, og kva han har lært av å ta over slektsgarden. Vi snakkar om livet tett på natur, om ansvar, liv og død på ein gard, om juletresal, Vipps-bod og kvifor det er viktig å la ungar gjere farlege ting – forsiktig. Du får òg nokre praktiske tips om korleis du tek best mogleg vare på juletreet. Sponsor: Brilleriet Livet er for kort til å bruka kjedelige briller! Ta turen innom Brilleriet på Leirvik eller på Heiane, din lokale optikar- og brillebutikk.
Velg abonnementet ditt
Premium
20 timer lydbøker
Eksklusive podkaster
Gratis podkaster
Avslutt når som helst
Prøv gratis i 60 dager
Deretter 99 kr / month
Premium Plus
100 timer lydbøker
Eksklusive podkaster
Gratis podkaster
Avslutt når som helst
Prøv gratis i 60 dager
Deretter 169 kr / month
Prøv gratis i 60 dager. 99 kr / Måned etter prøveperioden. Avslutt når som helst.