Folk & dyr
Podcast by Færøy/Jørgensen
This podcast is free to listen on all podcast players and the Podimo App without a subscription.
All episodes
32 episodesI denne jule-episoden blir det meir frå sauebonden Hilde Buer som du og møtte i forrige episode. I opptak frå Økomagisk symposium på Lysfestivalen i Solund fortel Hilde korleis ho har blitt ein som sauane lit på, og korleis dei takkar henne for det. For når Hilde går ut på verandaen og kallar på dei, kjem dei, alle 400. Husdyra våre treng fysisk, emosjonell og spirituell omsut. Den fysiske omsuten har med omgjevnaden å gjere; tilgang på vatn, mat og tørre liggjeplassar. For å være mentalt i balanse må dei kunne stelle seg og til dømes leika for å være den arten dei er, medan det spirituelle er der menneskje og dyr kan kommunisere og byggje relasjon. Det er denne kommunikasjonen Hilde Buer snakkar om, korleis ho har kome fram til den og kva som skjer når den virkar.
Finst lyktefisken? I allefall finst undervannsbia, musefisken, fiskraffen og maxikrim-reka. Skilt med hittil ukjende havdyr, laga av skulelevar lyste opp novembermørkret, og inne på Gjenbruket laga vi Live Radio, i høve den 11. utgava av Lysfestivalen i Solund. Høyr elevanes eigne historier om havdyra sine og våre spekulasjonar om evolusjonen. For kva er eigentlig samanhangen mellom sau, kval – og menneske? Sauekviskraren Hilde Buer @soervaeretvillsau hjelpte oss med å finne svar. Takk til 7. klasse ved Solund skule; Adam, Bella, Sofia, Johannes, Mariel, Alan, Lolo, Guro og Lukas med lærer Helga Marie Vagnsnes og festivalsjef Gry Buer og Tom Færøy som tok oss med i Skyssbåten.
Mellom Fjordfolk og Havdyr - Live Radio frå Førdefjorden Opptak frå Fjordbutikken i Vevring, 16. september, 2023. Kva er eigentlig verdien av ein fjord? Folk & Dyr har vitja den vakre bygda Vevring ved Førdefjorden og lytta til livet både over og under vatn. Høyr korleis Marit som vokste opp ved fjorden, fekk kjolen full av brisling og kva Nordsjøarbeidaren Dag Tore får i garnet. Kanskje får vi og vite kva krabbane seier og kven som er det eigentlige monsteret? Vevring ligg ved den delen av Førdefjorden der avfallet fra gruva i Engebøfjellet skal deponerast og episoden er laga rett før Fjordsøksmålet starta i Oslo tingrett. Mellom Fjordfolk og Havdyr var ein del av Vevringutstillinga 2023, og er støtta av Biletkunstnaranes Vederlagsfond.
Hausten 2022 flytta Folk & Dyr inn i Kunsthuset Kabuso, og tok med seg inntrykk frå dyre- og menneskelivet i Solund. Live Radio, som vart haldt 23. oktober, er uavkorta basert på eit besøk hos Pascale Baudonnel og Nils Bjørgo på garden Sandvik i Solund, lengst vest i Vestland. Det er ein vakker vårdag på Sandvik gard, blå himmel, blått hav og grøne beiteenger mellom bratte berg. I fjøset er det tid for mjølking. Først får dei 3 veker gamle kjea sitt, og det som blir til overs lagar Pascale ost av. Geiter og ysting er ein viktig del av livet hennar. Før ho kom til Solund var ho med å starte opp og drive Undredal Stølsysteri, og kjempa ein lang kamp om å få bruk av upasteurisert geitmjølk godkjend. Me føl Pascale og Lille My, Mailill, Iris og Blåna ut på den grøne bøen, ut i ein kakafoni av sauer høner, gås, duer og kråker, Pascale som lokkar og geiter som lyder namna sine.
Garden Kråkås er omgjeven av grøne beitemarkar for sau, kveg – og no og då hjort. For hjorten aukar i tal i Solund og elles på Vestlandet. Kvar haust kjem det tilreisande jegerar til tvillingbrørne Atle og Kåre, som har luska på kronhjortane sidan dei var gutungar. Å spore hjort krev nemleg kløkt og erfaring. Hjorten går sine eigne stiar, legg seg til på daglægje nær garden, går opp i fjella på kvelden, og sym over Sognefjorden, om det trengs. Og han er smart; når du trur du forfølger han, er det han som følger med deg. Det er difor jegerane har hundar, og med gode snuter kan jakta lukkast.
Available everywhere
Listen to Podimo on your phone, tablet, computer or car!
A universe of audio entertainment
Thousands of audiobooks and exclusive podcasts
No ads
Don't waste time listening to ad breaks when listening to Podimo's content.